Breimsbygda idrettslag ynskjer å få inn forslag til Stimulansepris 2021. Send inn forslag på e-post til kristin@breimsbygda.no innan 1.november 2021.
Stimulansepris i Breimsbygda idrettslag.
Målsetjinga med prisen er å stimulere unge utøvarar til satsing på ein eller fleire idrettar.
Retningsliner for tildeling:
- Stimulansprisen vert gjeven til unge og lovande utøvarar opp til og med 19 år.
- I vurderinga skal det leggast vekt på at utøvaren har vist framgang i si idrettsgrein, har viljen til å satse målbevisst, og er seriøs i trening og konkurransesamanheng.
- Stimulanseprisen skal annonserast på BBIL si heimeside, og alle medlemmar i idrettslaget kan kome med forslag. Med kvart forslag må det fylgje ei kort grunngjeving for kandidaturet.
- Stimulanseprisen skal vere ein pengesum/gåvekort på 5.000 kroner og eit diplom, og kan delast ut årleg.
- Tildeling av Stimulanseprisen vert gjort av AU i BBIL.
Desse har fått tildelt Stimulanseprisen frå Breimsbygda idrettslag:
2013 – Julie Helle Felde
2014 – Andreas Hetle
2015 – Robert Andre Moldestad
2016 – Leif Arne Sårheim Støyva
2017 – Håvard Hetle
2018 – Julia Jordanger Loen
2019 – Mathias R. Dale
2019 – Elias Helle Felde
2020 – Kristina Hjelle