Kva skulle vi ha gjort om vintaren utan oppkjørte løyper til trimpostane våre (Flølostøylen, Fløtravarden, Grønskrea, Støyvastøylen…)?
Vi vil oppmode alle på det sterkaste å melde seg inn i løypelaget!
Kvifor? Jo, for det første støttar du opp om økonomien til Breimsbygda Skisenter, og for det andre hjelper du å utvikle løypelaget og bidrar til eit utvida løypenett.
Med fleire medlemer (og nok snø) blir det muligheter til oppkjøring av nye løypetrassear 🙂 Sjekk her om du er blant dei som er med allereie: http://www.utvikfjellet.no/andelseigarar/