Siger mot Årdal 2/Jotun/Årdalstangen

By | 24. mai 2017

Herrelaget tok ein knapp siger 4-3 heime mot Årdal/Jotun/Årdalstangen. Det var ein jamn og spennande kamp der bortelaget tok leiinga tidleg i 1. omgang og vi utlikna etter eit frispark der Mehmet Kostecki sette ballen i mål etter klabb og babb i feltet. Dermed stod det 1-1 til pause der bortelaget var hakket betre og hadde eit par store sjansar i tillegg til målet.

2. omgang starta dårleg då Årdal scora nesten rett etter avspark. Vi kom meir med utover kampen og fekk fortent utlikning etter eit langskot frå Kjetil Løkke Vie. Kampen låg og vippa på 2-2 men vi fekk to raske mål midt omgangen som avgjorde. Ove Bjørnar Høylo spelte ein god kamp på midtbana og blei hekta i straffefeltet. Kjetil Løkke Vie sette straffa i mål. Rett etterpå sette Kjetil Løkke Vie sitt tredje for dagen då kan plasserte eit langskot nede med stolpen. På 4-2 kontrollerte vi kampen bra, men så sette vi ballen i eige mål etter eit ufarleg innlegg. På 4-3 var det ny spenning og bortelaget sende laget framover. Dette gjorde at vi fekk overgongar der vi kom i overtal i fleire angrep og burde scora både eit og to mål til, men vi rota vekk store sjansar. Årdal 2 hadde eit par gode sjansar på slutten men greidde ikkje å få ballen på mål. Ut frå andre omgang var det ein fortent siger og sterkt og kome tilbake etter å kome under to gongar.

God dommar i kampen var Torleiv Straume frå Hyen.

Alt i alt ein god kamp av oss mot ein god motstandar. Årdal/Jotun/Årdalstangen kom på 3. plass i 5. divisjon i fjor og er nok truleg det beste laget i serien reint mannskapsmessig. No har vi to lokaloppgjer i vente mot Sandane 2 og Hyen dei to beste tysdagane. Det blir nok også truleg to jamne kampar..

Kampfakta og resultat finn du her:
https://www.fotball.no/fotballdata/turnering/hjem/?fiksId=155137