Ein fin sommarkveld

By | 10. august 2017

fekk vi 9  som var med på onsdagsturen til Grønskrea og Tistamskaret oppleve.

Turen blei litt lenger enn vanleg, fordi brua pÃ¥ Liavegen var flomskada og vi mÃ¥tte ta beina fatt 20 min før vi kom til bommen ved Kvilestøylen. Men det var ein lys og lun sommarkveld, sÃ¥ kva gjer no det om det blir litt seinare? Det blei ganske bratt opp Grønskrea, og fleire som trudde at dei skulle pÃ¥ eit ukjent fjell forstod no at Snøfjellet og Grønskrea var eit og same fjell 🙂 I alle fall fekk vi 6 trimpoeng her.

På turen ned gjekk vi innom Tistamskaret og fekk nye 4 trimpoeng. Jammen gjekk det i full  fart nedover til bilane for å rekke Warholm sitt gulløp. Dette klarte vi med god margin. Slike kveldar som i kveld skal vi huske når hausten nærmar seg for alvor. Takk for godt turfølgje.

Sabine og Jon