Under Idrettsbasaren søndag 26.november vart Håvard Hetle tildelt Stimulanseprisen 2017.
Årets Stimulansepris i Breimsbygda idrettslag.
Målsetjinga med prisen er å stimulere unge utøvarar til satsing på ein eller fleire idrettar.
Retningsliner for tildeling:
- Stimulansprisen vert gjeven til unge og lovande utøvarar opp til og med 19 år.
- I vurderinga skal det leggast vekt på at utøvaren har vist framgang i si idrettsgrein, har viljen til å satse målbevisst, og er seriøs i trening og konkurransesamanheng.
Årets vinnar av stimulansprisen er ein allsidig utøvar som har delteke og gjort det godt i fleire idrettar. No er ikkje det å delta i fleire idrettar uvanleg når du kjem frå eit idrettslag med ikkje mindre enn 9 særgrupper – det uvanlege her er at årets vinnar presterer på høgt nivå i stort sett i alle greiner han prøver.
Vinnaren har delteke i dei fleste friidrettsgreinene – så langt vi er kjent med har han delteke i 7 ulike øvingar i inneverande sesong og har plassert seg blant dei beste i fylke i fleire av desse. Til og med stavsprang har han prøvd seg i.
I vinteridrettane langrenn og alpint har han og prestert på høgt nivå – so høgt at dette har blitt lagt merke til både på krets- og nasjonalt nivå.
Likevel er det nok mest på fotballbana årets vinnar har markert seg – han har faktisk markert seg så sterkt at han i ein alder av 14 år har debutert som målvakt på G 15 landslaget. Det nåløyet er so trangt at dei fleste ikkje vil forstå kva prestasjon det er å komme frå eit lite fotballmiljø i Breimsbygda og være den som er best i landet, føre målvaktstalent frå klubbar som t.d. Rosenborg, Vålerenga og Brann.
Årsaka til at Håvard er komen som lang er samansett. Gode gener og sosial arv har nok sitt å seie. Men fyrst og fremst er det allsidig aktivitet og målretta, hardt arbeid over fleire år som er nøkkelen. Håvard har heller aldri vore redd for utfordringar. Eit døme på det er at han allereie som miniputtspelar hadde lyst å være med på treningane til A-laget. Ein gang fekk han lov å stå i mål der dei siste 10-minutta av ei trening, etter å ha sirkle rundt bana i over ein time. Beskjeden til A-lagsspelarene var at dei skulle være forsiktige når dei avslutta på målet der Håvard stod. Det som skjedde var at Håvard gjekk rett i beina på ein av dei største og sterkaste spelarane før denne i det heile klart å avslutte. Håvard heldt ballen i fast grep og A-lagsspelarar i ulik vektklasse stod undrande igjen og lurte på kva det var som skjedde.
Dette er Håvard i eit nøtteskal; Offensiv, uredd og villig til å gå nye veier. Det er etablert eit samarbeid med Terje Skjeldestad keeperskule og Sogndal fotball, han har trena med herrelaget til Eid og har no meldt overgang til STIL . Sjølv om det smerter eit breimshjerte å sei det, så er det nok ein rett overgang for å sikre vidare utvikling. Likevel er Håvard framleis medlem i Breimsbygda idrettslag og vi er overtydde om fotballkarrieren ikkje stoppar på Sandane – vi har uansett berre to krav til deg Håvard og det er:
- Fortsett å være den positive og kjekke guten som du er – det er faktisk viktigare enn sportslig suksess.
- Gløym aldri kvar du kjem frå.
Årets vinnar av stimulansprisen er: Håvard Hetle.
Håvard Hetle var ikkje tilstades under tildelinga.