Trimgrupppa har fått ny leiar

By | 20. februar 2018

7. februar blei årsmøtet i Trimgruppa avvikla.

Vi møttes heime med Jon og gjekk gjennom dei vanlege årsmøtesakene. Vi hadde også tid å sjå litt på aktivitetane framover, utan å bestemme noko enda. Kanskje det vert topptur til Ryssdalshornet? I så fall vil vi gå frå Ryssdalen og etter toppen fortsette vidare til Restøylen og ned til parkeringsplassen i Lyngneset.

Ingen i styret har trekt seg, men Jon går av som leiar, men fortset heldigvis i styret. Han har vore med i styret sidan 2001 og  som leiar sidan 2006. Fantastisk!

Astrid Volle blei valt einstemmig til vår nye leiar. Gratulerar.

Det nye styret ser difor slik ut:

Leiar                    Astrid Volle

Sekreter              Britt Bakka

Nettansvarleg   Sabine Exner

Styremedlem     Rune Fure

Styremedlem     Jon Fossheim

Du kan lese Jon si årsmelding her.