NM-gull til Julia og Mathias 

By | 8. november 2018

Julia norsk rekord i rykk og beste jente på NM ungdom!

Full klaff og gull både for Julia Jordanger Loen og Mathias Dale på NM ungdom (13-17 år) på Vigrestad i dag.

Pers med 5 kg i rykk til 80 kg på Mathias og 90 kg i støt.
3 kg pers i rykk til 58 kg for Julia. For første gang rykka ho meir enn eiga kroppsvekt.

Det heldt i tillegg til norske rekord for ungdom i klasse 59 kg. Første norske rekord av ein løftar frå Breimsbygda 

Julia tok gullet i klassa med 3 kg pers til 77 kg i sitt siste støt. Ho var berre 3 kg frå norsk rekord i støt og samanlagt også.

Poengmessig (eiga kroppsvekt i høve til løfta kg) vart Julia også beste jente på NM. Ragnar Holme frå Tambarskjelvar fekk bestemannspremien på gutesida og sette tre norske rekordar.

Løftarane frå Breimsbygda og Tambarskjelvar utgjorde ein fin gjeng som i alt tok 5 gull, 3 sølv og to bronse og markerte fylket på ein fin måte!