Invitasjon til TINE Fotballskule 2019
Breimsbygda IL har gleda av å invitere jenter og gutar frå 7-12 år til
årets morosamaste «skuleveke» på Byrkjelo stadion.
På fotballskulen får du utvikle dine fotballferdigheter der spelet,
leiken og samværet står i sentrum. Det blir tre dagar med fokus på
trening, trivsel, læring, topp stemning og gode haldningar!
Dato: 23.08.19 – 25.08.19
Stad: Byrkjelo stadion
Alle deltakarane får utdelt t-skjorte, diplom og ryggsekk. (Det blir
servert eit måltid midt på dagen, drikke og et mellommåltid med
frukt).
Pris: 500 kr.
Søskenmoderasjon: 400 kr (for nr. 2/3 i same familie).
Konto: 3705.09.99409
Påmelding innan 20.08.19 til ove_b_@hotmail.com
Hugs å skrive namn på deltakar(ar), alder og klubb på innbetaling
og påmelding.
Velkommen til TINE Fotballskole!
Helsing
Styret i fotballgruppa
Hugs! Ta med ein matpakke og drikkeflaske. Kle deg etter været,
og smør godt med solkrem dersom det er solskin
Ei god natts søvn og ein god frukost gir deg energi og en god start
på dagen.