![](https://old.breimsbygda.no/wp-content/uploads/sites/2/2017/11/Breimstrimmen_logo_utan_tal-665x579.jpg)
Det vert nokre forandringar i bruken av appen Georeg. Fram til no har det vore slik at nedlastinga og bruken av appen har vore gratis for brukarane, medan dei 38 laga som brukar Georeg har betalt 1000 kr/året. Vi har vore veldig fornøgde med den digitale registreringa, og den har spart oss for svært mykje arbeid med registrering av bøkene.
På grunn av stor arbeidsmengd og lite inntekt vil dei to utviklarane gå over til krevje ein brukarkontingent frå alle som brukar Georeg. BBIL har saman med dei andre idrettslaga prøvd å kome Georeg i møte for å unngå ei løysing som krev brukarbetaling. Det har vi ikkje lukkast med, og appen vil bli inaktiv dersom beløpet på 120 kr ikkje blir betalt innan 15.3. Dette er lenka til nettbutikken der du kan betale avgifta www.georeg.no/webshop. Viss du lurar på noko angåande betaling kan du sende ein mail til Georeg: support@georeg.no
Trimgruppa vil følgje med på kor mange av trimmarane våre som blir med vidare på den nye ordninga. BBIL betalar lagavgifta på 1000 kr. Vi har også begynt å sjå på alternative registreringssystem, men klarar ikkje å hoste opp noko i inneverande trimsesong. Dette vil vi kome tilbake til når hausten nærmar seg. Vi beklagar veldig ulempene dette fører meg seg midt i trimsesongen. Uansett: Nyt snøven og god tur til alle!
Trimgruppa, Sabine Exner