![](https://old.breimsbygda.no/wp-content/uploads/sites/2/2021/04/EB386082-E522-4EC7-867C-85C48076275B.png)
Laurdag 1.mai arrangerar Breimsbygda friidrett Kongleriket ministafett på Reed stadion. Dette er eit arrangement for dei som går på Breim skule, og vi håpar mange ynskjer å delta.
Påmeldingsfrist er satt til torsdag 29.april, og vi ynskjer å få desse av klassekontaktene.
Er der klasser som manglar nokon for å få eit ekstra lag, kan ei løysing vere at nokre spring fleire gangar. Det kan vere greitt å vite om ei klasse ikkje kan ha sine lag i samme heat på grunn av dette.