![](https://old.breimsbygda.no/wp-content/uploads/sites/2/2021/08/Til-avis.jpg)
Etter suksessen med 16 støylar-som perler på ei snor-turen for 14 dagar sidan satsar Trimgruppa i Breim på ein oppfølger, men i ei litt anna form. Vi har fått ein del tilbakemeldingar frå folk som gjerne kunne ha tenkt seg å ha vore med på denne kulturhistoriske vandringa forbi 16 støylar. Samtidig kan turen verke litt lang og i tøffaste laget for somme. Vi vil utnytte det fine vêret i neste veke og tilbyr difor ein seniortur i roleg tempo.
Strekninga frå Utviken til Hunskårstøylen er ganske lang, difor delar vi opp turen på to forskjellige dagar. Utviken til Hetlestøylen på måndag, 23.8. og Hetlestøylen til Hunskårstøylen på onsdag, 25.8. Vi startar begge dagar kl. 11.00. Det er også mogeleg å berre delta på ein av dagane. Dersom det trengs kan vi ordne med skyss tilbake til Utvikfjellet. Greta S. Veien blir guiden vår og fortel undervegs om støylane og andre historier. Ta med mat og drikke. Deltakaravift. Påmeling påkrevd til Greta (90766089). Ta gjerne kontakt for meir informasjon.
Trimgruppa