Velkomen til Vektløftargruppa
KLUBBKVELD FOR BBIL
INTERSPORT SANDANE INVITERER ALLE MEDLEMMAR I BREIMSBYGDA IL, TIL KLUBBKVELD MED MANGE GODE TILBOD TIRSDAG 24.MARS KL 1800-2000
GÅ IKKJE GLIPP AV FØLGANDE TILBOD:
- 30% PÅ LAGSKLEDE
- 40% VINDJAKKE JR/SR
- 30% FOTBALLSKO
- 25% PÅ ORDINÆRE VARER I BUTIKKEN. (med unntak av syklar)
ALLE SOM HANDLER DENNE KVELDEN, ER MED I TREKNING AV VERDIKORT PÅ KR 700,-.
VEL MØTT!
HELSING INGRID OG LISBETHVaktlister for IDK 2019
Vi har satt opp vaktlister for foreldre fram til jul, dei kjem i posten i løpet av dei næraste dagane. Eller du finn dei på linken under. Håper du har mulighet til å ta di vakt, om det ikkje passar er det flott om du prøvar å bytte med nokon av dei andre på lista.
Du finn vaktlista her:
Infoskriv med reglar for IDK finn du her: Infoskriv_IDK 2019
Årsmelding for 2018
Årsmeldinga er no klar og blir levert ut i løpet av dei neste vekene. Om du ikkje klarar å vente kan du lese den her no!! 😀
KLIKK PÅ BILDET OVER FOR Å LESE...
NM-gull til Julia og Mathias
Julia norsk rekord i rykk og beste jente på NM ungdom!
Full klaff og gull både for Julia Jordanger Loen og Mathias Dale på NM ungdom (13-17 år) på Vigrestad i dag.
Pers med 5 kg i rykk til 80 kg på Mathias og 90 kg i støt.
3 kg pers i rykk til 58 kg for Julia. For første gang rykka ho meir enn eiga kroppsvekt.Det heldt i tillegg til norske rekord for ungdom i klasse 59 kg. Første norske rekord av ein løftar frå Breimsbygda
Julia tok gullet i klassa med 3 kg pers til 77 kg i sitt siste støt. Ho var berre 3 kg frå norsk rekord i støt og samanlagt også.
Poengmessig (eiga kroppsvekt i høve til løfta kg) vart Julia også beste jente på NM. Ragnar Holme frå Tambarskjelvar fekk bestemannspremien på gutesida og sette tre norske rekordar.
Løftarane frå Breimsbygda og Tambarskjelvar utgjorde ein fin gjeng som i alt tok 5 gull, 3 sølv og to bronse og markerte fylket på ein fin måte!
Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2018
Breimsbygda idrettslag ber om forslag til Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2018. Frist for innsending av forslag er 12.november. Les meir om kriteria til Årets eldsjel og Stimulanseprisen. På bildet ser du Jannike Felde som vart tildelt Årets eldsjel 2017.
Sølv til Robert Andre i Nordisk 🙂
Etter ein del dramatikk med underkjende løft, vart det til slutt sølv på Robert Andre Moldestad i klasse 69 kg, i tett kamp med den finske vinnaren.
Vi gratulerer Robert Andre og støtteapparatet Sølvi og Reidar!Det vart til slutt 89 kg i rykk og pers 112 kg i støt. Han fekk første forsøket på 112 kg underkjent, sjølv om det her frå softakroken og livestreaminga såg lett og fint ut. Og det avgjorde gullkampen.
Eldsjelpris og Stimulansepris 2017
Breimsbygda idrettslag ber om forslag til Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2017. Frist for innsending av forslag er 12.november. Les meir om kriteria til Årets eldsjel og Stimulanseprisen. På bildet ser du Robert Andre Moldestad som fikk Stimulanseprisen 2015.
Treningstider 2017-2018
Haustferien er over og det betyr at idrettslaget set i gang alle aktiviteter for vinterhalvåret. Vi har laga ei oversikt som du finn her, eller få oppdatert oversikt i vår nettbaserte kalender. Vi ynskjer nye og gamle medlemmer velkomen til ein aktiv haust og vinter!
Flott innsats under NM 5-kamp!
Breimsbygda IL vart, med eitt gull og to sølv, nummer to lagmessig under NM 5-kamp vektløfting i Larvik i går. På biletet ser vi Breimsbygda IL sine deltakarar med medaljevinnarane fremst: Frå v. Mathias Dale (sølv), Vilde Sårheim (gull), Robert Andre Moldestad (sølv). Bak frå venstre: Leiv Arne Støyva Sårheim og Bjarne Bergheim.
Hetlestøylen opp
Orienteringsgruppa og friidrettsgruppa inviterer til Hetlestøylen opp, komande onsdag klokka 18.00. Vi oppfordrar alle om å legge treninga si til løpet:)! Dette er super basistrening for alle mann alle!
Onsdag 14.juni blir det motbakkeløp på Breim (start på Reed) To løyper, ei med start i ballbingen i Hovden (5.klasse og eldre), og ei med start på Brua oppover mot Hjelltunet (merka)....start klokka 18.00 begge plassar. Mål er, pussig nok, på Hetlestøylen - og der er det alltid god stemning. Påmelding til kleppenesa@gmail.com, 50kr pr deltakar, evt 200kr for familie. Dette er eit kjempekjekt og sosialt motbakkeløp, der både liten og stor kan få ei utfordring!
Innspurt dugnad 123
Utvidinga av 123:
Dugnadsinnspurt onsdag 7. og torsdag 8. juni!I gårkveld (tysdag) kom lys i taket og sand på golvet og høgder vart avretta (bileta),
Då trengs ein dugnadsinnspurt i dag og i morgon:
I dag onsdag for å få på plass isopor og kryssfinerplater på golvet.
Torsdag for å få på plass toppdekket det skal trenast på.Velkomne frå 17.00 og utover kvelden når de har høve!
Det er aktivitet på stadion begge kveldar som bind nokre av dei som har vore med på dugnaden til no. Difor viktig at fleire andre blir med på innspurten desse to siste dagane.
Fredag skal så vektløftargruppa få utstyr på plass.
Laurdag kl. 12.00 startar Regionmeisterskap i vektløfting 5-kamp der Breimsbygda er arrangør.Vi vonar mange stikk innom laurdag. Både for å sjå utvidinga i funksjon. Og Sindre Rørstadbotnen og andre løfte opptil 180 kg over hovudet. Og heie på Breimsbygda sine håpefulle 🙂
Velkomne både til dugnad og stemne!
Ekstraordinært årsmøte i BBIL
Søndag 26.mars kl.20:00 vert det ekstraordinært årmøte i Breimsbygda idrettslag. Det finn stad på kontoret i 1.etasje på stadionbygget.
Sakliste:
1.Konstituering
2. Val
Vel møtt!