TURNERINGSOPPSETT KLART

Det er påmeldt 17 lag til oppkøyringsturneringa som g. Klubbane Tornado Måløy, Eid, Sandane, Breimsbygda og Loen stiller med lag. Turneringa spelast i klassane G 12, J 12, G 13/14 og J 13/14.  Første kamp går laurdag klokka 09.00 og søndag startar turneringa klokka 10.00. Det blir sjølvsagt kiosk begge dagar. Kampoppsettet finn du her (pdf): – Oppkøyringsturnering 2016… Les meir »

Resultat Even Hole Cup 2016

110 deltakarar gjennomførte Even Hole Cup i fin stil på Skjærtorsdag. Sofie Rake frå Lommedalens IL og Edvin Fonn Sårheim frå Breimsbygda var raskaste jente og gutt i lang løype og vann 10 kg Jarlsberg kvar.

Even Hole Cup 2016

Skjærtorsdag  blir det tradisjonen tru storslalomrenn på Utvikfjellet. Even Hole Cup er eit tradisjonsrikt alpinrenn, der alle kan vere med uansett ferdigheiter. Nytt av året er at det blir ein heil Jarlsberg ost (10 kg) i premie til raskaste kvinne og raskaste mann i lang løype.

Sesongens første o-løp

Søndag 10.april inviterer Sogn og Fjordane Orienteringskrins til kurs i løypelegging i Sogndal. I forkant av dette kurset vert det O-løp på Kaupanger Skule med flexistart frå kl.10-10.30. Det er fire ulike løyper som er frå 1,5 km til 5 km lange.

Resultat Lagsmeisterskap langrenn 6 mars

Knappe 90 deltakarar var med på lagsmeisterskapet i langrenn på søndag. Med Grete Aa Sandal som rennleiar so gjekk alt som smurt, supert. Flott vær, gode løyper, og masse flott skigåing.     Du finn resultata under: lagsmeisterskap 6 mars bbil