Heider til Andreas og Elias

Under Skitinget til Sogn og Fjordane Skikrins på Skei laurdag fekk Andreas Hetle tildelt Talentpokalen for svært gode nasjonale prestasjonar i langrenn denne vinteren. Elias Helle Felde fekk tildelt Magnorpokalen for svært gode resultat i alpint denne vinteren. Skigruppa er stolte og glade for utmerkingane og håpar dette inspirerer alle andre skiløparar i Breimsbygda til innsats.   Frå… Les meir »

Innspurt dugnad 123

Utvidinga av 123: Dugnadsinnspurt onsdag 7. og torsdag 8. juni! I gårkveld (tysdag) kom lys i taket og sand på golvet og høgder vart avretta (bileta), Då trengs ein dugnadsinnspurt i dag og i morgon: I dag onsdag for å få på plass isopor og kryssfinerplater på golvet. Torsdag for å få på plass toppdekket det skal trenast… Les meir »

Orienteringstrening torsdag 08. juni

Denne veka vert det orienteringstrening på torsdag 8. juni. Vi møtast på Høygarden og skal bruke løypen til rotekoppen- + nokon nye. Merka frå Høygarden. Start kl 18.00. Vi håpar at dei som elles ville ha vore med på idrettsskulen, tek turen til Høygarden !!

DUGNADSLISTE MINIPUTTURNERING 11. JUNI

Søndag 11. juni er det Breimsbygda som arrangerar turnering for miniputtane! Byrkjelo stadion, start kl 1100. Vedlagt liste viser oppgåver den enkelte har for at vi skal få avvikla turneringa i god Breimsbygdaånd til glede for liten og stor! Kontakt May Britt Solheim Kvellestad ved spørsmål: tlf 976 63 146. Miniputt 11. juni 2017  

Resultat lagsmeisterskap langrenn 26. mars

50 stk. deltok på lagsmeisterskapet i langrenn på Utviken søndag 26. mars. Litt dårleg vær og ein dritt vinter får ta skulda for dårleg deltak. Men alle som var der gjorde ein flott innsats. lagsmeisterskap mars resultatliste