Skisesongen er i ferd med å starte.

Snøen er komen på Utvikfjellet og lysløypa vart køyrt opp for første gong i kveld 30. november. Skigruppa har fleire løparar i junior klassa som satsar hardt og her får du ein liten statusrapport for Edvin, Andreas og Reiel. I aldersbestemte klassar er aktiviteten god. Fleire har vore med på samlingar i langrenn på Ullsheim, og alpinistane har… Les meir »

Siste trening for miniputtane!

Måndag 26. september vert det siste trening for miniputtane denne sesongen. Enkelte lag held nok fram litt til, men dette vert styrt av den enkelte trenar. Først vanleg trening, deretter ferdigheitsløype og felles samling til slutt.

Turorientering 2016

Yr melder fint veir den komande veka. Nytt fineveiret til å ta turorienteringspostane !  Post nr. 20 er dessverre teikna feil på kartet. Du finn posten når du går vegen opp frå brekkestova mot støyvastøylen. Når du kjem opp på høgda til kvileplassen/bordet, finn du posten. God tur !!

Resultat Helkjastøylen opp 02.09.16

Resultat Helkjastøylen opp 02.09.16 Mange fine personlege rekordar, til tross for mykje væte i terrenget/stien. Flott innsats. Frå Brua: Pga. feil med teknikken har vi dessverre ingen nøyaktige tider her denne gongen. Beklager.   Frå ballbingen: Gutar 5-7 klasse: Mathias Aa Sandal: 23.59 Anders Paulen: 32.27 Jenter 5-7 klasse: Ellisiv Hetle: 30.15 Regine Aa Sandal: 30.41 Borgny Kristin… Les meir »