Fin hausttur

Vi fekk ein flott tur over Ryssdalshornet og ned til Restøylen i dag. Litt sol, litt vind og ein super turgjeng. Takk Kjell, for god bevertning på Restøylen, dette hjelpte for den siste kneika ned til bilane. Sjå fleire bilder på trimgruppa si facebookside. Sabine og Astrid

Flott støyl-til-støylstur

Les meir om turen sist søndag her. Husk haustturen vår Ryssdalshornet-Restøylen neste søndag, 25.8. Vi reiser frå Coopen på Reed kl. 9.00 og går frå Ryssdal kl. 9.30. Les meir om turen her.

2 søndagsturar med Trimgruppa i august

Den verste varmen har gitt seg og vi er klare til to lengre trimturar. Sjekk info om støyl-til-støylsturen (11. august) og Ryssdalshornet-Restøylen (25. august). Husk påmelding dersom du treng skyss. Meir info kan du få av Sabine (tel. 48053040).

På tur med Trimgruppa

Velkomne til å vere med på turane våre. Kanskje kan du oppdage ein tur som du ikkje har gått før? Eller kose deg i lag med fleire trimmarar i passeleg tempo? Kom gjerne med turforslag. Sjekk oversikt over turane her: http://www.breimsbygda.no/trim/turar/

Årsmøte i Trimgruppa

ÅRSMØTE I TRIMGRUPPA B.B.I.L hos Astrid Volle Tysdag, 5. Februar 2019, kl. 19.00 Sakliste 1. Godkjenning av sakliste. 2. Val av møteleiar. 3. Val av skrivar. 4. Årsmelding. 5. Rekneskap. 6. Arbeidsplan. 7. Budsjett 2019. 8. Innkomne saker. Styret 2018 Leiar Astrid Volle Sekretær. Britt Bakka Nettansvarleg Sabine Exner Styremedlem Rune Fure Styremedlem Jon Fossheim

Resultat Breimstrimmen 2017-2018

I kveld var det idrettsbasar til BBIL med flott oppmøte. Trimguppa delte ut bronse- og sølvplakatar samt vinnarhuer til dei 3 med mest trimpoeng over og under 15 år. Sjå heile resultatliste her

Oppteljing av Breimstrimmen pågår . . .

. . . og vi er faktisk snart i mål. Dette var siste år med å prøve å finne ut av uleselege handskrift utviska av regn og snø. Registrering i bok er over i Breimstrimmen. På idrettsbasaren søndag, 25.11. skal dei 3 beste i klassane over og under 15 år premierast. I tillegg delar vi ut diplomar. Du… Les meir »

Brua til Skitnevatnet

Skal du ta turen til Trimposten ved Skitnevatnet bør du gå over brua ved kraftverket på Myklebuststøylen. Brua på støylen blir tatt vekk om vinteren.

May Britt Solheim Kvellestad til landsfinalen

May Britt vann Sogndal Fotball si kåring «årets fotballmamma» i konkurranse med 22 andre andre kandidatar. Med dette sikra ho klubben 10.000 kroner og ho er med vidare til den nasjonale finalen. Der møter ho vinnarane frå dei andre 15 klubbane i Obos-ligaen i kampen om å bli «årets fotballmamma». Avstemninga avsluttast 15. november og dei tre mødrene… Les meir »

Kampoppsett miniputt søndag 23.09

Søndag blir årets siste turnering for miniputtane arrangert på Byrkjelo stadion. Turneringa startar klokka 10.00 og varer til ca. 14.30. 51 lag er påmelde frå klubbane Breimsbygda, Hyen, Jølster, Sandane og Vikane. Det blir 3-ar fotball i binge for 6 åringane og 5-ar fotball for dei frå 7 til 10 år. Kampoppsettet (PDF) ligg i lenka under: Puljeoppsett… Les meir »