Trimgruppa med turoversikt

Oppdatert plan etter styremøte 4.4.17. NB. Følg med, forandringar kan skje plutseleg! Onsdagsturane 7. juni, kl. 17.00 Støyl-til-støylsturen. Innom 16 støylar frå Utvikfjellet til Hunnskårstøylen 21. juni, kl. 18.00 Frå Meieriet til Byrkjelostøylen og Lonevatnet 28. juni, kl. 18.00 Frå Meieriet til Melkebakksteinen 9. august, kl. 18.00 Frå Kvilestøylen til Grønskrea og Tistamskaret 16. august, kl. 18.00 Til… Les meir »

Trimgruppa i startgropa

Trimgruppa hadde årsmøtet tysdag, 7. februar.  Styret har same samansetning som i fjor.  Vi har hatt vanlege årsmøtesaker og begynt å diskutere planane framover. Kikk  på dei oppdaterte sidene våre og kom gjerne med innspel. Vi kan også melde om nytrakka skiløype til Flølostøylen.

Trimgruppa støttar Utvikfjellet Løypelag

Kva skulle vi ha gjort om vintaren utan oppkjørte løyper til trimpostane våre (Flølostøylen, Fløtravarden, Grønskrea, Støyvastøylen…)? Vi vil oppmode alle på det sterkaste å melde seg inn i løypelaget! Kvifor? Jo, for det første støttar du opp om økonomien til Breimsbygda Skisenter, og for det andre hjelper du å utvikle løypelaget og bidrar til eit utvida løypenett.… Les meir »

45 spelarar har tatt teknikkmerket i fotball

Heile 45 spelarar i Breimsbygda opp til 10 år har tatt Teknikkmerket Raudt i fotball i år. Alle desse får diplom og merket utdelt. 26 av desse var på idrettsbasaren og fekk tildelinga der. Dei som ikkje var på idrettsbasaren får diplom og merke ved eit seinare høve.

Breimstrimmen – Klarte du alle 8 postane?

Vi har hatt ein stor auke med trimmarar og registrerte turar i år. Det er også rekord for dei som har vore innom alle 8 postane. I år var det 50 (i fjor 38). Som tidlegare nemnt skal frå og med i år dei få diplom som har gått alle 8 postane for 3. gong (bronse) og for… Les meir »

Litt statistikk for herrelaget 2016

Vi har samla litt statistikk frå herrelaget i 2016. Det har vore ein god sesong med totalt 35 spelarar som har vore med på kampar, og rundt 50 som har vore med treningar i løpet av året. Årets toppscorar blei Kjetil Løkke Vie med 25 mål. Deretter spissmakker Daniel Klakegg med 18. Resten av laget nøya seg med… Les meir »

Håvard Hetle klar for eliteturnering

Håvard Hetle er tatt ut på Team Sogndal (kretslaget G13) som skal spele eliteturnering på Nadderud 7. til 9. Oktober. Håvard er ein av to keeperar i ein stall på 18 spelarar. Sogndal skal møte Vålerenga og Brann på laurdag, og Strømsgodset på søndag.

Sesongen til Breimstrimmen løper ut

I desse dagar blir trimbøkene til BBIL skifta ut og etter kvart tel opp. Vi satsar på at tellejobben blir lettare i år pga. at mange har registrert seg digitalt. Satsar på at alle har vore ærlege og ikkje skrive seg i bøkene i tillegg, utan å merke dette særskilt. Men det betyr også at den nye sesongen… Les meir »

To tap og 3. plass til herrelaget

Herrelaget avslutta sesongen med to toppkampar. I den første kampen blei det tap 3-5 mot Flatraket/Selje 2. Dette blei ein skiftande kamp der Flatraket/Selje 2 leia 3-0 midtvegs i 1. omgang. Etter dette snudde vi kampen og til pause hadde vi henta inn leiinga og det var uavgjort 3-3 midtvegs. Litt ut i andre omgang punkterte bortelaget kampen… Les meir »