Flott debut av Leander!

I dag har Breimsguten, Leander Seime debutert i Eliteserien med sin nye klubb, FyllingenBergen. Det endte med seier og i følge LIVE oppdateringen fikk Leander 2 scoringer 👏👏 En flott prestasjon!!

Ekstraordinært årsmøte!

Det vert kalla inn til ekstraordinært årsmøte i BBIL 16.8 kl. 20.00 på stadionbygget.   Sakliste til ekstraordinært årsmøte i BBIL på stadionbygget 16. aug 2017 kl. 2000. 1.Konstituering. 2.Godkjenning av innkalling. 3.Godkjenning av sakliste. 4.Val av møteleiar. 5.Val av sekretær. 6.Val av to til å skrive under møteboka 7. Godkjenning av nytt låneopptak for restfinansiering av Reed… Les meir »

Vi bygger ny lysløype!

Mandag 12/6 var første dag med stolpereising i lysløypa. Over 10 stolpar på plass. Vi satsar på å sette opp dugnadslag beståande av bygdefolk, samt kyndig assistanse frå SFE. Har du moglegheit til å bidra, kontakt Anders Felde! Vi har og ei Facebook gruppe med siste nytt, du kan melde deg inn her: https://www.facebook.com/groups/128061184426093/

Nordfjordrittet laurdag 3.6

Laurdag 3. juni vil over 200 personer tråkke seg rundt Nordfjorden. Opp Utvikfjellet vil dei nok minst ein gong lure på kva i all verda som fekk dei til å melde seg på denne kraftprøva?   Møt opp på Sandane i to-tida, og ver med å heie ryttarane fram! Ta med deg familie og venner, flagg, bjøller og… Les meir »

Volleymoro – kvar mandag i sommar!

Vi samlast og spelar sandvolleyball mandagar frå 19-21. Dette er ei sosial ´trening´ kor vi berre spelar og har det moro. Ope for alle, menn, kvinner, gutar og jenter. Nedre aldersgrense ca 14 år (+/-). Dette er berre for moro, møt opp!

Idrettskule torsdag 18. mai

Torsdag er det duka for leik i bygda si største sandkasse når sandvolleyball står på programmet. Sjølv om vêrmeldingane ikkje er 100% satsar vi på å gjennomføre ute på sandvolleyballbana. Det kan derfor vere lurt å ta med litt ekstra klede og sokkebyte. Dette blir moro!

Ein strålande dag på Reed Stadion

Breimstafetten 2017 går inn i historiebøkene som nok eit vellukka arrangement. Med 70 lag på startstreken, mykje publikum og blå himmel vart dagen akkurat slik vi håpa den ville bli! Sjå resultat og bilder her

BREIMSMILA OG TERRENGLØP 06.05.17

BBIL arrangerer laurdag 6. mai TERRENGLØP og mosjonsløpet BREIMSMILA. Begge deler har start på REED STADION. Terrengløpet er for jenter og gutar i alderen 6 – 14 år. Breimsmila er for alle.   TERRENGLØP KL 13:00               Utdeling av startnr til terrengløpet (vi godtar og påmelding ved start, men ønskjer flest mogleg førehandspåmeldingar ) KL 13:30               Start… Les meir »