Category Archives: Fotball

OPPDATERT SAKLISTE TIL ÅRSMØTE FOTBALL

Det er kome inn ei sak og her er oppdatert saksliste til Årsmøtet i fotballgruppa på søndag. Det vert med dette kalla inn til Årsmøte i fotballgruppa søndag 29. januar 2017. Stadionbygget klokka 1900. Sak 1: Godkjenning av innkalling Sak 2: Godkjenning av sakliste Sak 3: Val av to til å skrive under møteboka Sak 4: Val av møteleiar… Les meir »

ÅRSMØTE FOTBALLGRUPPA

INNKALLING Det vert med dette kalla inn til Årsmøte i fotballgruppa søndag 29. januar 2017. Stadionbygget klokka 1900. Ber om at saker medlemane har til Årsmøtet vert meldt til styret på e-post: fotball@breim.no innan 22. januar. Fullstendig saksliste vert då sendt ut. Sak 1: Godkjenning av innkalling Sak 2: Godkjenning av sakliste Sak 3: Val av to til å skrive under møteboka Sak… Les meir »

45 spelarar har tatt teknikkmerket i fotball

Heile 45 spelarar i Breimsbygda opp til 10 år har tatt Teknikkmerket Raudt i fotball i år. Alle desse får diplom og merket utdelt. 26 av desse var på idrettsbasaren og fekk tildelinga der. Dei som ikkje var på idrettsbasaren får diplom og merke ved eit seinare høve.

Litt statistikk for herrelaget 2016

Vi har samla litt statistikk frå herrelaget i 2016. Det har vore ein god sesong med totalt 35 spelarar som har vore med på kampar, og rundt 50 som har vore med treningar i løpet av året. Årets toppscorar blei Kjetil Løkke Vie med 25 mål. Deretter spissmakker Daniel Klakegg med 18. Resten av laget nøya seg med… Les meir »

Håvard Hetle klar for eliteturnering

Håvard Hetle er tatt ut på Team Sogndal (kretslaget G13) som skal spele eliteturnering på Nadderud 7. til 9. Oktober. Håvard er ein av to keeperar i ein stall på 18 spelarar. Sogndal skal møte Vålerenga og Brann på laurdag, og Strømsgodset på søndag.

To tap og 3. plass til herrelaget

Herrelaget avslutta sesongen med to toppkampar. I den første kampen blei det tap 3-5 mot Flatraket/Selje 2. Dette blei ein skiftande kamp der Flatraket/Selje 2 leia 3-0 midtvegs i 1. omgang. Etter dette snudde vi kampen og til pause hadde vi henta inn leiinga og det var uavgjort 3-3 midtvegs. Litt ut i andre omgang punkterte bortelaget kampen… Les meir »

Siste trening for miniputtane!

Måndag 26. september vert det siste trening for miniputtane denne sesongen. Enkelte lag held nok fram litt til, men dette vert styrt av den enkelte trenar. Først vanleg trening, deretter ferdigheitsløype og felles samling til slutt.

Siger mot Sandane 2

Herrelaget slo Sandane 2 på bortebane. I ein målrik kamp blei det til slutt siger 6-5. Kjetil Løkke Vie var banas klart beste spelar med 4 scoringar og herja godt med Sandaneforsvaret. Daniel Klakegg og Geir Andre Erikstad scora dei to andre måla. Med denne sigeren er det framleis sjanse for å vinne serien når to kampar gjenstår.… Les meir »