Category Archives: Hovudside

Siste veke før nye Breimstrimmen-sesong startar

No er det siste sjans for å sanke trimpoeng og besøke postar som du kanskje enda manglar. Den elektroniske registreringa vil avsluttast/starte på nytt ved midtnatt 30. september. Bøkene blir byta ut i tur og orden. På Restøylen har boka blitt tatt ned. Her må du bruke GEOREG eller gi beskjed til Sabine (48053040) dersom du vil føre… Les meir »

Flott innsats under NM 5-kamp!

Breimsbygda IL vart, med eitt gull og to sølv, nummer to lagmessig under NM 5-kamp vektløfting i Larvik i går. På biletet ser vi Breimsbygda IL sine deltakarar med medaljevinnarane fremst: Frå v. Mathias Dale (sølv), Vilde Sårheim (gull), Robert Andre Moldestad (sølv). Bak frå venstre: Leiv Arne Støyva Sårheim og Bjarne Bergheim.

Flott debut av Leander!

I dag har Breimsguten, Leander Seime debutert i Eliteserien med sin nye klubb, FyllingenBergen. Det endte med seier og i følge LIVE oppdateringen fikk Leander 2 scoringer 👏👏 En flott prestasjon!!

Årets Reinløp med rein og utan regn

I år deltok ca. 80 trimmarar på Reinløpet. Når ein trekker i frå reinsdyrflokken, som ikkje ville betale startkontingenten, så var talet 55. Vêret var passeleg i dag, mildt, skya, med nokre solglimt. Dei fleste gjekk den oppsette løypa via Torheimstøylen, der ein får ei fantastisk utsikt. På Støyvastøylen fekk vi kaffi, saft, frukt og sjokolade. Takk til… Les meir »

Kven blir nr. 100?

99 av Breimstrimmarane brukar no den digitale registreringsmåten Georeg! Kven blir den 100. brukaren av appen? Ta kontakt viss du treng hjelp til å kome i gang. Elles kan du også sjekke her: http://www.breimsbygda.no/trim/georeg-app/ Også Brodd IL, Vikane IL, Vikane IL, STIL og Fjellhug Vereide har tatt Georeg i bruk. Dette kan bli bra. Forresten så har vi… Les meir »

Reinløpet 2017

Årets Reinløp er på søndag, 10. september. Registrering til kl. 10.30 – 12.00. Møt opp på parkeringsplassen på Sandtaket på Utviken. Startkontingent er for vaksne 50 kr, for barn 30 kr og for familiar 100 kr. Som tidlegare trekker vi flotte t-skjorter med Reinløpet-motiv blant alle som har gått turen. Husk å gå ruta via Torheimstøylen. På Støyvastøylen… Les meir »

God innsats av «våre» på UM Friidrett

Ungdomsmeisterskapen (UM) i friidrett er å rekne som uoffesielt NM for aldersbestemte klassar, her møtest dei beste i frå heile Noreg! Årets arrangement har vore denne helga, på Fana stadion. Frå Breimsbygda har vi hatt med tre deltakarar: Robert Andre Moldestad (100 m og 200 m), Kaya van Hulst Sahin (1500 m hinder og 2000m) og Leiv Arne… Les meir »