Category Archives: Hovudside

Heider til Andreas og Elias

Under Skitinget til Sogn og Fjordane Skikrins på Skei laurdag fekk Andreas Hetle tildelt Talentpokalen for svært gode nasjonale prestasjonar i langrenn denne vinteren. Elias Helle Felde fekk tildelt Magnorpokalen for svært gode resultat i alpint denne vinteren. Skigruppa er stolte og glade for utmerkingane og håpar dette inspirerer alle andre skiløparar i Breimsbygda til innsats.   Frå… Les meir »

Vi bygger ny lysløype!

Mandag 12/6 var første dag med stolpereising i lysløypa. Over 10 stolpar på plass. Vi satsar på å sette opp dugnadslag beståande av bygdefolk, samt kyndig assistanse frå SFE. Har du moglegheit til å bidra, kontakt Anders Felde! Vi har og ei Facebook gruppe med siste nytt, du kan melde deg inn her: https://www.facebook.com/groups/128061184426093/

Revidert kampoppsett miniputturnering 11.06

På grunn av at eit lag vart lagt i feil klasse har det blitt laga nytt oppsett til turneringa. Det er i puljene 9, 10 og 11 det har kome endringar. Første kamp for alle andre lag enn Breimsbygda sine er som før. Kampoppsett: Puljeoppsett Miniputt Byrkjelo 11.06 2017 LØFelde (pdf) Puljeoppsett Miniputt Byrkjelo 11.06 2017 LØFelde (excel)

Kampoppsett miniputturnering Byrkjelo 11. juni

Kampoppsettet for turneringa er no klart. Heile 63 lag frå Hyen, Brodd, Sandane, Breimsbygda, Vikane og Jølster skal i aksjon på Byrkjelo stadion søndag. Turneringa startar klokka 11.00 og siste kampane er ferdige 16.00. Omlag 400 spelarar skal spele 96 kampar på 8 baner, så her  blir det fullt trøkk heile dagen. Kampoppsett: Puljeoppsett Miniputt Byrkjelo 11.06 2017 (pdf)… Les meir »

Innspurt dugnad 123

Utvidinga av 123: Dugnadsinnspurt onsdag 7. og torsdag 8. juni! I gårkveld (tysdag) kom lys i taket og sand på golvet og høgder vart avretta (bileta), Då trengs ein dugnadsinnspurt i dag og i morgon: I dag onsdag for å få på plass isopor og kryssfinerplater på golvet. Torsdag for å få på plass toppdekket det skal trenast… Les meir »

Orienteringstrening torsdag 08. juni

Denne veka vert det orienteringstrening på torsdag 8. juni. Vi møtast på Høygarden og skal bruke løypen til rotekoppen- + nokon nye. Merka frå Høygarden. Start kl 18.00. Vi håpar at dei som elles ville ha vore med på idrettsskulen, tek turen til Høygarden !!

7. juni støyl-til-støylstur

Tradisjonen tru skal vi legge ut på støyl-til-støylsturen vår. Alle burde har vore med på denne turen minst eingong i livet og allerhelst kvart år. Kva tid: onsdag, 7. juni, kl. 17.00 Oppmøte: parkeringsplassen på Utvikfjellet Ansvarleg for turen: trimgruppa ved Sabine Exner (tlf. 48 05 30 40) og Britt Bakka Henriksen (959 72 129),  Greta S. Veien er… Les meir »

DUGNADSLISTE MINIPUTTURNERING 11. JUNI

Søndag 11. juni er det Breimsbygda som arrangerar turnering for miniputtane! Byrkjelo stadion, start kl 1100. Vedlagt liste viser oppgåver den enkelte har for at vi skal få avvikla turneringa i god Breimsbygdaånd til glede for liten og stor! Kontakt May Britt Solheim Kvellestad ved spørsmål: tlf 976 63 146. Miniputt 11. juni 2017