Category Archives: Hovudside

Årsmøte i orienteringsgruppa

Årsmøtet i orienteringsgruppa vert halde måndag 30 januar kl 20.00 i stadionbygget. Vanlege årsmøtesaker. Dersom nokon har saker som dei ynskjer at vi skal ta opp på årsmøtet, ver venleg å ta kontakt med leiar, Jannike Felde. Vel møtt.

Nøstetrim startar 11.januar

Nøstetrim startar opp onsdag 11.januar i gymsalen på Breim Skule kl.17-18. Det blir altså ikkje trim for dei yngste onsdag 4.januar. Håper alle små (og foreldre) er klar til ny giv i veke 2.

ÅRSMØTE FOTBALLGRUPPA

INNKALLING Det vert med dette kalla inn til Årsmøte i fotballgruppa søndag 29. januar 2017. Stadionbygget klokka 1900. Ber om at saker medlemane har til Årsmøtet vert meldt til styret på e-post: fotball@breim.no innan 22. januar. Fullstendig saksliste vert då sendt ut. Sak 1: Godkjenning av innkalling Sak 2: Godkjenning av sakliste Sak 3: Val av to til å skrive under møteboka Sak… Les meir »

Trimgruppa støttar Utvikfjellet Løypelag

Kva skulle vi ha gjort om vintaren utan oppkjørte løyper til trimpostane våre (Flølostøylen, Fløtravarden, Grønskrea, Støyvastøylen…)? Vi vil oppmode alle på det sterkaste å melde seg inn i løypelaget! Kvifor? Jo, for det første støttar du opp om økonomien til Breimsbygda Skisenter, og for det andre hjelper du å utvikle løypelaget og bidrar til eit utvida løypenett.… Les meir »

Juleavslutning på Idrettsklubben

I morgon 16.desember er det juleavslutning på Idrettsklubben. Det er vanlige tidspunkt på begge gruppene, altså kl.18-20 for første gruppa og kl.20-23 for andre. Men vi har ekstra mykje godt i kiosken, der du i tillegg til det vanlige får kjøpt pizza, brus og popcorn!  Vel møtt!

Idrettskule 15/12

I dag er det volleyball på programmet for 1-4 klasse på Idrettskulen. Treningane blir i gymsalen på Breim Skule ! (ikkje Breimshallen som det stod på den opprinnelege planen).

Siste Nøstetrim for i år

Siste nøstetrim i 2016 blir i dag, 14. desember. Det er fint å leike og trene med dei små. Godt oppmøte med mellom ca 15 og 25 aktive born. – Silje og Inger Berit.