Category Archives: Hovudside

4.9.2016 Haustturen til Bolsetnipa

i lag med Trimgruppa går på søndag, 4.september 2016. Felles avreise frå Best-stasjonen, Byrkjelo, kl. 9.00. Påmelding til Jon Fossheim (99202698). Turen tar ca. 4 timar i lett terreng. Flott tur med fantastisk utsikt over Jølster. Turavgift. Turen blir avlyst om dårleg ver. Føl med på nettsida og på facebook-sida. Jon

EGGENIPA OPP AVLYST

På grunn av store nedbørsmengder dei siste dagane ser vi ikkje anna råd enn å avlyse Eggenipa Opp i morgon. Då det er særs vått og sleipt i fjellet tar vi ingen sjansar i forhold til sikkerheit. Vi beklagar dette og satsar på stålande vêr ved neste høve.

Helkjastøylen opp 02. september kl 18.00

Helkjastøylen opp vert arrangert fredag 2. september kl 18.00. Start ved ballbingen og ved brua opp mot Hjelltunet. 1-4 klasse startar ved brua, medan 5. klasse og oppover startar ved ballbingen. Deltakarpremie til alle, Sjarmerande motbakkeløp for heile familien. To løyper, 3 km på sti, grusveg og litt asfalt, eller 1 km på sti. Konkurranseklasser: 1 km for… Les meir »

Onsdagstur Hunskor – Leirstøylen – avlyst

Pga. mykje nedbør blir denne turen dessverre avlyst! Onsdag, 31.8.16 Då nærmar det seg den siste onsdagsturen vår for i år. Turen går frå Hunskor via Røsskleivvatn til Leirstøylen. Vi går i relativt flat terreng gjennom naturreservatet. Det er greitt å gå, men det ligg mange nedfallstre over råsa. Så litt kliving må vi rekne med. Turen tek… Les meir »

For ein gjeng og for ein kveld! Flott ondagstur

Og slik blei det: Vi fekk ein utruleg flotte kveld. Stilt og fint, varmt og akkurat passe lang tur. Vi måtte stoppe opp gang på gang for å konstatere kor heldige vi var. 8 damar gjekk opp til Tistamskaret og 7 gjekk vidare til Grønskrea. Vi registrerte oss med app, andre i trimboka. På veg tilbake dukka også… Les meir »

Eggenipa Opp 28. august

Fjelløp/motbakkeløp med start ved «EGGENIPASILOEN» på Egge ved Våtedalen. Mål på toppen av Eggenipa 1338 m.o.h. Total stigning ca. 1180 m. Start trim mellom kl. 09.00-12.00. Start konkurranseklasse kl. 12.00. Les meir her

Onsdagstur til Grønskrea (Snøfjellet) og Tistamskaret – 17.8.

Etter ein lang regnpause startar vi opp igjen med onsdagsturar i fineveret. Turen går først opp til Grønskrea, så ned til Tistamskaret og så tilbake til Kvilestøylen. På turen får du både trimpoeng på Grønskrea og i Tistamskaret. Oppmøte: på parkeringsplassen nedanfor bommen nær Kvilestøylen 17.8.16, kl. 18.00. Turen tek ca. 3 t med pause (ansv. Sabine Exner,… Les meir »