Skjærtorsdag blir det tradisjonen tru storslalomrenn på Utvikfjellet. Even Hole Cup er eit tradisjonsrikt alpinrenn, der alle kan vere med uansett ferdigheiter. Nytt av året er at det blir ein heil Jarlsberg ost (10 kg) i premie til raskaste kvinne og raskaste mann i lang løype.
I helga var det NM i vektløfting for juniorar i Gjøvik. Sogn og Fjordane stilte sterkt og frå Breimsbygda idrettslag var det heile 7 deltakarar og dei kom heim med edelt metall i bagasjen.
Helga 4.-6.mars gjekk U19 NM Volleyball av stabelen i Trivselshagen med Breimsbygda IL, Fjellhug/Vereide IL og Jølster IL som arrangørar. I løpet av tre dagar vart det spelt heile 89 kampar. Arrangement gjekk knirkefritt og har fått stor merksemd både lokalt og i volleyballmiljøet nasjonalt.
Ola Bergheim vart under årsmøte til Breimsbygda idrettslag tildelt Eldsjelprisen 2015. Ola har vore leiar i vektløftargruppa gjennom fleire generasjonar og dei siste åra har vektløfting og styrketrening hatt ein skikkeleg opptur i Breimsbygda. Ein velfortent pris!
Under årsmøte til Breimsbygda idrettslag 28.februar vart Robert Andre Moldestad tildelt laget sin stimulansepris. Robert Andre trenar seriøst og målbevisst for å kunne prestere på eit høgt nasjonalt nivå, innan fleire idrettar og var ein verdig vinnar av Stimulanseprisen 2015.
Breimsbygda Fotball inviterar til oppkøyringsturnering på Reed stadion 9.-10. april. Turneringa er blitt ein tradisjon der lag frå heile fylke vert invitert til Breim for å få ei oppkøyring til sesongstart.
Søndag 10.april inviterer Sogn og Fjordane Orienteringskrins til kurs i løypelegging i Sogndal. I forkant av dette kurset vert det O-løp på Kaupanger Skule med flexistart frå kl.10-10.30. Det er fire ulike løyper som er frå 1,5 km til 5 km lange.
Knappe 90 deltakarar var med på lagsmeisterskapet i langrenn på søndag. Med Grete Aa Sandal som rennleiar so gjekk alt som smurt, supert. Flott vær, gode løyper, og masse flott skigåing. Du finn resultata under: lagsmeisterskap 6 mars bbil
BBIL arr. Fjord1 Cup alpint måndag kveld i storetrekket. Rennet går i storslalom. Rennet startar kl. 18.30, synfaring kl. 18.00, startnummer må hentast før dette.