Category Archives: Hovudside

Trenar/foreldrekurs langrenn

Vi håpar mange blir med på trenar/fordeldre kurs på Utvikfjellet tysdag 2. feb. kl. 17.30. Treng ingen kunnskapar på førehand og ingen som tek kurset er forplikta til å stille på som trenarar. Dersom du er usikker eller lurer på noko so ta kontakt med Anders Felde. mob.:92857084 Målet med kurset er å utdanne Grasrottrenarar som kan tilrettelegge… Les meir »

Resultatliste Telenorkarusell langrenn 25. januar

65 deltakarar og stor stemning når vi endeleg etter eit knapt år kunne arrangere skirenn på Utvikfjellet igjen. Ingen frå Stryn fekk vere med p.g.a. Corona men vi håpar vi får med Vikarane neste gong. resultatliste karusell 25 jan 2021.pdf

Vaktliste IDK Vinter

NB! Eldste gruppe opp til og med 10. klasse og kun for dei som bur i Breim.Sjå reglar etc her: http://www.breimsbygda.no/2020/10/11/vaktlister-idk-2020/   Veke 4 Fredag 29.januar Ansvarlig Jan Arve Søvde     18:00-20:00 Runar Stensaker   Andreas Gregor   Asle Henning Jordanger   Elin Stensaker   Maiken Sekkingsatd   Inger Lise Egge     20:00-22:00 Tina Eide  … Les meir »

Årsmøte 2021

Det vert årsmøte i Breimsbygda idrettslag 21. mars 2021. Innkalling og årsmelding blir lagt ut seinare. Dei som er på val i AU, barneidrettsgruppa, anlegg, utstyr- og vedlikehaldsnemnda og revisorar, som ikkje ynskjer å ta attval må melde frå skriftleg via sms til leiar i valkomité Rune Dag Kleppe på tlf. 995 97 200 innan 1. februar.

Direktesendt trekking

9. desember har vi vår eiga sending i forbindelse med trekking av gevinstane i vår digitale basar. Sigrid Moldestad er programvert og vi kan love deg ei mangfoldig sending direkte i frå Stadionbygget på Byrkjelo.

Reglar ved bruk av BBIL sine anlegg.

  På grunn av aukande smitte i samfunnet rundt oss innfører vi følgande reglar for bruk av våre anlegg, spesielt treningsstudioet. Kjem du frå område med framleis stigande smittetrykk ber vi om at du ventar ventar i 10 dagar før du nyttar BBIL sine tilbod/anlegg Ikkje tren om du er sjuk Hald god avstand til andre Ha god… Les meir »

Basar – denne gongen digital!

DET BLIR IKKJE HEILT DET SAME MED DIGITAL BASAR som å møte «halve bygda» til kaffi og kaker i Breimshallen ein søndag ettermiddag i november. Basar vert det likevel om enn på ein annan måte.   Idrettslaget treng di støtte meir enn nokon gang.   Inviter nærkontaktene dine til ein kaffikopp og kjøp lodd digitalt. Det er veldig… Les meir »

Stimulansepris og Eldsjelpris 2020

Breimsbygda idrettslag ynskjer å få inn forslag til Stimulanseprisen og Eldsjelprisen for 2020. Send inn forslag på e-post til kristin@breimsbygda.no innan 1.desember 2020. Les meir om stimulanseprisen her, og eldsjelprisen her.

Medlem og treningsavgift 2020

DU FÅR SNART EI REKNING Den kjem på e-post, eller for nokre få i postkassa, og gjeld medlems og treningsavgift for 2020.   På grunn av pandemien og seinare problem med systemet for fakturering, har vi venta litt med å sende ut denne. BBIL har i utgangspunktet låge avgifter samanlikna med andre lag. Så sjølv om tilbodet har… Les meir »

Treningstider haust og vinter

Denne veka startar nøstetrim, idrettsskule, basistrening, spinning og fleire andre aktivitetar! 😀 Det er spesielle tider, så her har blitt litt endring i opplegget frå tidlegare år. Her ser du oversikt over treningar