Category Archives: Hovudside

Trimgruppa sitt program

Vi har vakna opp av koronadvalen og hive oss rundt for å lage eit turprogram. Vi kjem til å gå nokre turar som vi ikkje har prøvt før. Sjølvsagt er vi avhengig av at vi får med oss nokre lokalkjente guidar til å gå saman med oss. Kanskje ringer vi snart til DEG og spør om hjelp. Då… Les meir »

Ny folkesport inntek Gloppen!

Som kanskje mange har fått med seg har vi fått ein ny folkesport i kommunen. Frisbeegolf har blitt veldig populært etter at BBIL har bygd 6 hols bane på Reed Stadion. Les meir om bana og frisbeegolf her

VI STENGER TRENINGSSTUDIOET

Utifrå føre var prinsippet stenger vi ned 123-treningsstudio i løpet av kvelden. Årsaka er sjølvsagt utviklinga i høve Corona-viruset. Dørene vert elektronisk låst slik at nøkkelkorta vert midlertid ute av drift. Treningssstudioet vårt er ubemanna og har ikkje dagleg reinhald. Samstundes er det på det næraste tomt for antibac. Treningsapparata vil då være store potensielle smittekjelder. Vi vonar… Les meir »

KLUBBKVELD FOR BBIL

INTERSPORT SANDANE INVITERER ALLE MEDLEMMAR I BREIMSBYGDA IL, TIL KLUBBKVELD MED MANGE GODE TILBOD TIRSDAG 24.MARS KL 1800-2000 GÅ IKKJE GLIPP AV FØLGANDE TILBOD: 30% PÅ LAGSKLEDE 40%  VINDJAKKE JR/SR 30% FOTBALLSKO 25% PÅ ORDINÆRE VARER I BUTIKKEN. (med unntak av syklar) ALLE SOM HANDLER DENNE KVELDEN, ER MED I TREKNING AV VERDIKORT PÅ KR 700,-. VEL MØTT!HELSING INGRID… Les meir »

Resultat Telenorkarusell 2. mars

Knappe 60 ivrige skiløparar stilte til start på karusellrennet på Utviken måndag 2 mars.   Deltakarar frå Taiwan, Sandane, Olden, Vikane og Breimsbygda gjorde dette til ein flott kveld. Her er resultatlista resultat karusellrenn 2 mars 2020

Breimstrimmen

Det vert nokre forandringar i bruken av appen Georeg. Fram til no har det vore slik at nedlastinga og bruken av appen har vore gratis for brukarane, medan dei 38 laga som brukar Georeg har betalt 1000 kr/året. Vi har vore veldig fornøgde med den digitale registreringa, og den har spart oss for svært mykje arbeid med registrering… Les meir »

Årsmøte i BBIL

Det vert årsmøte i Breimsbygda idrettslag 1. mars 2020.   Godkjenning av innkalling. Godkjenning av sakliste. Val av møteleiar. Val av sekretær. Val av to til å skrive under møteboka. Årsmelding for 2019. Rekneskap for 2019. Medlemskontingent for 2020. Budsjett for 2020.   Godkjenning av valde gruppestyrer. Innkomne saker Har du saker du ynskjer å ha på saklista… Les meir »

Resultat telenorkarusell langrenn 3. feb

Endeleg ein strålande vinterdag og skigruppa fekk arrangert første telenorkarusell i langrenn. Dryge 70 stykker kosa seg under fantastiske forhold på Utviken. Her finn du resultatlista. karusellrenn 3 feb 2020

Årsmelding 2019

Endeleg er årsmeldinga for 2019 klar, her er det mykje godt lesestoff !!Du kan lese heile årsmeldinga herHusk årsmøte på Breim Skule 1/3 kl. 19.00!!