Category Archives: Vektløfting

Innspurt dugnad 123

Utvidinga av 123: Dugnadsinnspurt onsdag 7. og torsdag 8. juni! I gÃ¥rkveld (tysdag) kom lys i taket og sand pÃ¥ golvet og høgder vart avretta (bileta), DÃ¥ trengs ein dugnadsinnspurt i dag og i morgon: I dag onsdag for Ã¥ fÃ¥ pÃ¥ plass isopor og kryssfinerplater pÃ¥ golvet. Torsdag for Ã¥ fÃ¥ pÃ¥ plass toppdekket det skal trenast… Les meir »

Eldsjelprisen 2015

Ola Bergheim vart under årsmøte til Breimsbygda idrettslag tildelt Eldsjelprisen 2015. Ola har vore leiar i vektløftargruppa gjennom fleire generasjonar og dei siste åra har vektløfting og styrketrening hatt ein skikkeleg opptur i Breimsbygda. Ein velfortent pris!

Stimulanseprisen 2015

Under årsmøte til Breimsbygda idrettslag 28.februar vart Robert Andre Moldestad tildelt laget sin stimulansepris. Robert Andre trenar seriøst og målbevisst for å kunne prestere på eit høgt nasjonalt nivå, innan fleire idrettar og var ein verdig vinnar av Stimulanseprisen 2015.

Bronse i lag NM

Fantastisk innsats av Breimsgutane og 3.plass i ungdomsklassen under lag NM i vektløfting! Gratulerer til Ole Kristoffer, Reiel, Robert Andre, Leiv Arne og supertrenar Ola!!! Følg vektløftargruppa til BBIL på Facebook her for siste oppdateringar