Treningstider 2015:
Stafett-trening:
Startar opp 7.april, og fortset heile april. Treningane blir på Reed stadion, kl. 17.30 – 18.30. Er for barn født 2005 og tidlegare. Vi vil gjerne at dei som har fotballtrening då tar litt intervalltrening/løpstrening saman med oss – det blir de betre fotballspelarar av!
Friidrettsskule:
Trening for barnehagebarn + barn opp til 10 år! Vi blir både på Reed og Byrkjelo stadion. Sjå liste som vert sendt ut/lagt ut på heimeside/Facebook!
Friidrettstrening:
Trening for barn født 2005 og tidlegare. Byrkjelo stadion, tysdagar kl. 18.30 – 19.30. Vi vil i år ha fokus på dei ulike øvingane slik at vi startar med løp, deretter blir det fokus på hopp og kast! Vi håpar å få med oss fleire flinke trenarar på dette slik at teknikk i dei ulike øvingane får eit litt større fokus, og barna får prøvt seg på heile spekteret av friidrettsøvingar.
Trening til Sparebankleikane:
Sparebankleikane vert arrangert siste helga i juni. I samarbeid med GFIL og dei andre moderlaga i Gloppen vil vi ha felles treningar følgjande onsdagar (OBS!): 3., 10., og 17.juni. Då blir det trening saman med andre i kommunen og med alle dei flinke friidrettstrenarane som er her!
Trening saman med GFIL:
GFIL trenar på Byrkjelo tysdagar og torsdagar kl. kl. 19 – 20.30. Dei kan også våre utøvarar vere med på.