Velkomen til Sykkelgruppa
KLUBBKVELD FOR BBIL
INTERSPORT SANDANE INVITERER ALLE MEDLEMMAR I BREIMSBYGDA IL, TIL KLUBBKVELD MED MANGE GODE TILBOD TIRSDAG 24.MARS KL 1800-2000
GÅ IKKJE GLIPP AV FØLGANDE TILBOD:
- 30% PÅ LAGSKLEDE
- 40% VINDJAKKE JR/SR
- 30% FOTBALLSKO
- 25% PÅ ORDINÆRE VARER I BUTIKKEN. (med unntak av syklar)
ALLE SOM HANDLER DENNE KVELDEN, ER MED I TREKNING AV VERDIKORT PÅ KR 700,-.
VEL MØTT!
HELSING INGRID OG LISBETHVaktlister for IDK 2019
Vi har satt opp vaktlister for foreldre fram til jul, dei kjem i posten i løpet av dei næraste dagane. Eller du finn dei på linken under. Håper du har mulighet til å ta di vakt, om det ikkje passar er det flott om du prøvar å bytte med nokon av dei andre på lista.
Du finn vaktlista her:
Infoskriv med reglar for IDK finn du her: Infoskriv_IDK 2019
Årsmelding for 2018
Årsmeldinga er no klar og blir levert ut i løpet av dei neste vekene. Om du ikkje klarar å vente kan du lese den her no!! 😀
KLIKK PÅ BILDET OVER FOR Å LESE...
Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2018
Breimsbygda idrettslag ber om forslag til Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2018. Frist for innsending av forslag er 12.november. Les meir om kriteria til Årets eldsjel og Stimulanseprisen. På bildet ser du Jannike Felde som vart tildelt Årets eldsjel 2017.
Eldsjelpris og Stimulansepris 2017
Breimsbygda idrettslag ber om forslag til Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2017. Frist for innsending av forslag er 12.november. Les meir om kriteria til Årets eldsjel og Stimulanseprisen. På bildet ser du Robert Andre Moldestad som fikk Stimulanseprisen 2015.
Treningstider 2017-2018
Haustferien er over og det betyr at idrettslaget set i gang alle aktiviteter for vinterhalvåret. Vi har laga ei oversikt som du finn her, eller få oppdatert oversikt i vår nettbaserte kalender. Vi ynskjer nye og gamle medlemmer velkomen til ein aktiv haust og vinter!
Hetlestøylen opp
Orienteringsgruppa og friidrettsgruppa inviterer til Hetlestøylen opp, komande onsdag klokka 18.00. Vi oppfordrar alle om å legge treninga si til løpet:)! Dette er super basistrening for alle mann alle!
Onsdag 14.juni blir det motbakkeløp på Breim (start på Reed) To løyper, ei med start i ballbingen i Hovden (5.klasse og eldre), og ei med start på Brua oppover mot Hjelltunet (merka)....start klokka 18.00 begge plassar. Mål er, pussig nok, på Hetlestøylen - og der er det alltid god stemning. Påmelding til kleppenesa@gmail.com, 50kr pr deltakar, evt 200kr for familie. Dette er eit kjempekjekt og sosialt motbakkeløp, der både liten og stor kan få ei utfordring!
Ekstraordinært årsmøte i BBIL
Søndag 26.mars kl.20:00 vert det ekstraordinært årmøte i Breimsbygda idrettslag. Det finn stad på kontoret i 1.etasje på stadionbygget.
Sakliste:
1.Konstituering
2. Val
Vel møtt!
Innkalling og sakliste til årsmøte i Breimsbygda idrettslag
Velkomen til årsmøte i Breimsbygda idrettslag søndag 5.mars kl.20.00.
Sakliste til årsmøtet i BBIL på Breim skule 5. mars 2017 kl. 2000.
- Konstituering.
- Godkjenning av innkalling.
- Godkjenning av sakliste.
- Val av møteleiar.
- Val av sekretær.
- Val av to til å skrive under møteboka.
- Årsmelding for 2016.
- Rekneskap for 2016.
- Medlemskontingent for 2017.
- Budsjett for 2017.
- Val.
- Godkjenning av valde gruppestyrer.
Møtet finn stad i klasserommet ved skulekjøkken i kjellaren, inngang ved gymsal.
- Konstituering.
Norsk Countrytreff
Help! Det er Norsk Countrytreff til helga og på grunn av mykje avbod manglar det ein del folk til diverse arbeidsoppgåver gjennom helga. NCT er den største inntektskilda til BBIL og vi håpar laget sine medlemmer stiller på! Dersom du ikkje har fått jobb og har moglegheit til å stille på ta kontakt med NCT på tlf 47 57 86 63 44 eller epost nct@breim.no.
Årsmøte Breimsbygda IL
Søndag 28. februar blir det årsmøte i BBIL hos Bakar Jon. Vi håpar lagets medlemmer set av denne kvelden og møter då det er mange viktige saker som skal takast stilling til! Sjå sakliste ved å lese vidare...
Årsmøte i Breimsbygda il
søndag 28. februar 2016 kl 20.00 hjå Bakar Jon
Sakliste:
- Konstituering.
- a) Godkjenning av innkalling
- b) Godkjenning av sakliste.
- c) Val av møteleiar.
- d) Val av sekretær.
- e) Val av to til å skrive under møteboka.
- Årsmelding for 2015.
- Rekneskap for 2015.
- Medlemskontingent for 2016.
- Budsjett for 2016.
- Sportsplan 2016 – 2020 Du finn planen her
- Lovendringar Lovnorma finn du her
- Val.
- Godkjenning av valde gruppestyrer.
- Innkomne saker.
I samband med matøkta vert BBIL sin Stimulansepris
og Eldsjelpris for 2015 delt ut.
Vel møtt!
BBIL v/styret.
Årsmelding 2015
Her kan du lese årsmeldinga for BBIL for 2015.
Husk årsmøte 28. februar hos Bakar Jon!