Vi prøvde ut nytt konsept i år. Reinløpet gjekk over ei veke 29.8.-5.9. Det var jamt over ei veke med mykje fint vêr. Rune og Jørgen sytte for god merking. Det blei med nokre nye folk, men alt i alt var det berre 20 betalande deltakarar. Dette er skuffande og etter ei årrekke med dalande deltaking lurar vi etter kvart på om arrangementet er livlaga. Men vi gir oss ikkje enda, men vil gjerne ha innspel om korleis vi burde fornye konseptet. Kva tenkjer DU?
Vi trekte ut 4 Reinløpet t-skjortar som premie. Desse vart vunne av Ledulf Myklebust, Grte Aa Sandal, Kjell Gåsemyr og Anne Marie Fløtre. Oddny Kleppenes, Sissel Myklebust og Morand Kleppe hadde delteke 3 gongar og fekk bronsemerke.
Sabine
Årets «løp» blir til ei Reinløp-veke
29.8.-5.9. Både pga. Koronatiltak og sviktande deltaking dei seinare åra vil vi tilby eit anna konsept i år. Gå når det passar for deg og i lag med kven du vil. I Reinløpsveka vil løypa til Torheimstøylen og vidare til Støyvastøylen vere godt merka. Ned til P-plassen kan du gå der du vil. Du må registrere deg på 3 QR-postar for at deltakinga blir godkjent. Spør gjerne nokon frå styret dersom du lurar på noko. Og studer plakaten under
Sabine
Søndag 12.september 1982 vart det første Reinløpet arrangert i regi av trim- og ski gruppa i Breimsbygda idrettslag. Ideen var å samle ski- og friidrettsutøvarar frå Nordfjord og Sunnfjord til ein haustleg styrkeprøve. Den om lag 9 km lange terrengløypa vart lagt frå Svoda, rundt Støyvastøylen, om Torheimstøylen, under Skaveggja til Støyvastøylen, vidare ned til Mosehaugane, så til Brekka og til målplassering ved skitrekket. Dårleg oppslutnad om konkurranseklassane, mest grunna vanskeleg og steinete løypetrase for løparar i stor fart, gjorde slutt på konkurransen etter tre år. Turklassen vart derimot ein suksess med inntil 150 deltakarar på det meste, og utdeling av bronse, sølv og gullmerker etter 3,6 og 9 år. Løpet har vore avlyst to gonger, i 1997 og 2002. I 2017 vert det difor 34. gongen det vert arrangert Reinløpet på Utvikfjellet.