BREIMSTRIMMEN 2021-2022 |
I år satsar vi på 11 elektroniske turmål/ postar. På kvar av desse måla får ein poeng; 3, 4, 6, 7 eller 10, alt etter kor lang turen er. Det blir gitt 1 p per time pluss 1 p per 100 høgdemeter fram til posten. Ungar og andre utan smartphone kan registrerast på mobilen til dei vaksne som er med på turen. Bruken av Georeg-appen er i utgangspunkt gratis, men den har ikkje alle funskjonar som pro-versjonen. Les meir om Georeg sitt registreringssystem http://georeg.no/
Det vert delt i to klassar, over og under 15 år (til og med det året dei fyller 15 år). Det vert premiering i kvar klasse etter poeng. Alle som har registrert seg på alle postar blir heiderleg nemnt, men ein få diplomplakaten berre når ein har gått 3-6-9-… år. Tidlegare år finn du i menyen til høgre.
Sesongen for Breimstrimmen er frå 1. oktober – 30. september!
Trimpost |
Poeng |
Høgde m.o.h. |
Merka |
Parkering |
Gåtid ein veg |
Ansv. |
1. Råda/Seimestøylen |
8 |
780 |
M Presteråsa |
Fjordhestgarden |
2,5 t |
Britt |
2. Snøfjellet/ Grønskreda |
6 |
1030 |
M |
Svoda |
2 t |
Britt |
3. Snuplass, Flølostøylen |
3 |
735 |
På veg |
Svoda |
45 min |
Rune |
4. Støyvastøylen |
3 |
854 |
M |
grusuttaket |
1 t |
Rune |
5. Eggenipa |
10 |
1338 |
M |
Ny parkeringsplass |
2,5 t |
Astrid |
6. Blånibba |
10 |
1067 |
M frå Dunheia og Bjørndalen |
Bommen på fjellvegen |
2 t |
Britt |
7. Tistamskaret |
4 |
825 |
M |
Bommen på fjellvegen |
1 t |
Sabine |
8. Skavegga/Instevarden |
6 |
1031 |
rås |
Svoda |
2 t |
Sabine |
9. Gåsemyrstøylen |
4 |
683 |
rås |
Ny parkeringsplass |
1 t |
Anette |
10. Fløtravarden |
3 |
850 |
M |
Svoda |
1 t |
Astrid |
11. Dunheia |
10 |
1165 |
M |
Bommen på fjellvegen |
2,5 t |
Sabine |
Post 1 Start frå Fjordhestgarden. Merka rute frå masta på Råd. Presteråsa.
Post 2 På ski er det best å gå frå parkeringsplassen på Utviken via Fløtravarden. Til fots er det enklast å gå via Tistamskaret.
Post 3 Her føl ein veien frå Svøda. Kassa med bok står på snuplassen ved vegenden.
Post 4 Kan gå frå Utvikfjellet mot Brekka og Støyvastøylen eller frå grustaket (rett før skitrekket) på Breimsida.
Post 5 Bomveg ( 50 kr ) til Eggestøylen. Så bratt opp lia til over skoggrensa. Det blir ein del klyving fram til toppen. Du kan gå same vegen tilbake eller fortsette sørover og gå tilbake via Gåsemyrstøylen. Sjekk om brua over elva er på plass! Turen er ikkje eigna for dei med høygdeskrekk.
Post 6 Bomveg (Liavegen) til parkeringa nedafor Hetlestøylen eller til bommen (Breimfjellsvegen). Du kan gå via Hetlestøylen og Brattlihaugen. Du kan også starte på Utvikfjellet og gå «Nordfjordryggen».
Post 7 Kjør bomvegen Liavegen til parkeringsplassen ved den nye Breimfjellsvegen. Gå via Kvilestøylen. Du kan også starte på Utvikfjellet og gå «Nordfjordryggen».
Post 8 Gå via Støyvastøylen (sjå post 4). Du kan følgje råsa opp til varden som du ser frå støylen. Rås vidare oppover og vidare innover til du nærmar deg kanten på fjellet. Du kan også gå ein rundtur ved å følgje råsa til Svartebotnen fram til den svingar til venstre. Her må du ta av og gå bratt om fjellsida til du treffer på varden.
Post 9 Gå via Eggestøylen og føl rås innoverdalen eller kom innom på rundturen ned frå Eggenipa.
Post 10 Start på parkeringsplassen på Utviken og følg først vegen, så merka sti ovanfor Holestøylen.
Post 11 Du kan gå via «Nordfjordryggen» frå Utvikfjellet eller gå via Tistamskaret (sjå post 7)
Kom deg ut – bruk kroppen – nyt naturen – og sank poeng