Stor framgang i tal registreringar
Trenden frå i fjor fortset også i år. Vi har registrert stor framgang både i personar og i registreringar. Dette er flott.
Nye postar i år
Slik som dei føregåande åra vart to av ni trimpostar bytta ut. Dette gjer vi for å få litt variasjon. Vi ser fleire prøver seg på turmål som dei ikkje ville ha gått utan det er ein trimpost. I år måtte Restøylen og Seime/Rådastøylen vike, og Eggenipa og Melkebakksteinen kom inn. Vi berekna poeng på postane slik: 1 poeng per time fram til turmål pluss 1 poeng per høgdemeter frå naturleg startpunkt.
Digital registrering
Vi har merka oss ein stor framgang av digitale registreringar. Det lettar oppteljingsjobben vår, men gjer det også enkelt for trimmarane å registrere seg og halde oversikt kor mange poeng ein sjølv og dei andre i laget har. Vi prøvde å ha Fløtravarden berre som digital post med ei bok for barn i tillegg. Men det har ikkje fungert godt nok. Mange vaksne med mobil har likevel skrive seg inn i boka. Framover gjeld berre den digitale registreringa med Georeg på Fløtravarden. Dette blir nok elles siste sesong med oppteljing av bøkene på dei andre 8 trimpostane. Vi håpar at enda fleire vil registrere seg med Georeg i år.
Registrerte personar
2016-2017 |
Registrerte besøk
2016-2017 |
|
Flølostøylen | 409 | 2814 |
Støyvastøylen-ny | 343 | 1450 |
Fløtravarden – ny | 192 | 1071 |
Snøfjellet | 174 | 746 |
Tistamskaret-ny | 179 | 721 |
Seime/Rådastøylen | 136 | 290 |
Sandalsstøylen – ny | 127 | 243 |
Blånibba – ny | 108 | 234 |
Restøylen | 114 | 176 |
Samla | 1782 | 774 |
Desse 44 har vore på alle postane i Breimstrimmen 2016-2017:
Jonny Skinlo, Johannes Hole, Rita Bente Fløtre, Norunn Nybø, Gerd Larsen, Oddny Kleppenes, Jannike Felde, Knut Fammestad, Monrad Kleppe, Reidun Ask Flølo, Birgitte Myklebust Paulen, Sabine Exner, Anne Merete Kleppenes, Ellisiv Hetle, Marthe Paulen, Anders Paulen, Borgny Kristin Hetle, Gro Larsen Hjelle, Øyvind Fure, Anne Mari Fammestad, Regine Aa Sandal, Marion Bø, Gudmund Egge, Jørgen Aa Sandal, Elin Katrin Raad, Else Tømmerstøl, Erlend Hetle, Rune Fure, Roger Hjelle, Per Inge Seime, Jørgen Fure, Ranveig Fugle, Reidar Sandal, Mathias Aa Sandal, Vegard Hetle, Håvard Hetle, Kristina Hjelle, Sissel Eide Reed, Inghild Røyseth, Grete Aa Sandal, Åse Margrete Seime, Margit R. Seime, Endre F. Kvile, Emma F. Kvile.
Dei som har gjennomført alle postane i tre år får bronseplakaten, dei som har gjort det seks gongar får sølvplakaten.
3 år – bronse | Jørgen Fure, Rune Fure, Øyvind Fure, Anders Paulen, Elin Katrin Raad, Sissel Eide Reed, Åse Margrethe Seime |
6 år – sølv | Sabine Exner, Knut Fammestad, Ellisiv Hetle, Gro Larsen Hjelle, Reidar Sandal, Jonny Skinlo |
Premiering; dei 3 med flest poeng i kvar klasse:
Premie: Turkopp med Blånibba-motiv. Delvis sponsa av Eurofoto.
Flest poeng i klassa over 15 år:
1.Johnny Skinlo | 1725 |
2. Johannes Hole | 1195 |
3. Rita Bente Fløtre | 1120 |
Flest poeng i klassa 15 år og yngre:
|
225 |
2. Marthe Paulen | 169 |
3. Anders Paulen | 164 |
«Kongane» av Breimstrimmen på dei forskjellige postane 2016-2017
Trimpost | turar | |
Flølostøylen | Johannes Hole | 232 |
Fløtravarden | Johnny Skinlo | 118 |
Snøfjellet/Grønskrea | Johnny Skinlo | 108 |
Støyvastøylen | Solveig Lunde | 86 |
Tistamskaret | Norunn Nybø | 79 |
Sandalsstøylen | Grete Aa Sandal | 26 |
Seime/Rådastøylen | Nils Seime | 26 |
Blånibba | Rita Bente Fløtre | 22 |
Restøylen | Gerd Larsen | 8 |
Vi har 117 personar som er registrert med over 50 poeng.
|