Poeng 2020

Då har vi fått avslutta årets fjelltrim i Breim, lagt saman poenga og skal dele ut gevinstane. Vi har hatt ein nedgang i talet på trimmarar i år. Dette heng nok saman med marknadsstrategien til Georeg, der dei ville legge inn ei betaling for abonnentane. Heldigvis gjekk dei tilbake på det, og appen er framleis gratis for den enklaste registreringsvarianten. For ein oppgradert versjon må ein betale 120 kr/året. Poenga per post vert rekna ut slik: 1 poeng per 100 høgdemeter pluss 1 poeng per time gåtid fram til posten. (Til dømes Støyvastøylen: 240 høgdemeter frå fylkesvegen + ein liten time gåtid = 3 poeng).

Siste sjans for å få poeng på Melkebakksteinen?

Vi har valt ut ti turmål i Breim som har varierande vanskegrad og dei fleste kan nåast både på ski og til fots. Vi likar å byte ut eit par postar kvart år for å lokke trimmarar til andre plassar enn dei dei er vande med. I komande sesong skal vi ha dei same postane som vi hadde i fjor, men det er spørst om ikkje Skitnevatnet og Melkebakksteinen må vike for andre mål til neste år. Vi oppfordrar Breimningane til å kome med forslag til nye postar.

Konkurransepoenga er berre krydderet

Vi er veldig glade for sprekingane som tar Breimstrimmen alvorleg og dermed held konkurransen i gang. Andre vel å konkurrere mot seg sjølv frå år til år. For mange barnefamiliar ser det ut til å vere ein fin motivasjon å kome seg til alle postane, for då får ein utdelt ein fin plakat med bilde av alle postane. Det er òg fint å kunne nyte det å bevege seg i naturen utan å måtte kjenne på jaget etter prestasjonar. Trimgruppa vil gjerne bidra til at fleire kan bruke dei flotte omgjevnadane våre på ein trygg måte. Av og til er det kjekt å springe til topps, kjenne hjartet slå og kunne glede seg over ein kropp som fungerer. Andre gongar er det nok å ta det med ro og la naturkjensla søkke inn.

Fint om du registrerer deg

Uansett kva formål du har med turen, så er det fint om du registrerer deg på postane og såleis er med på å halde i hevd ein viktig infrastruktur med merking og tilrettelegging. Det ligg ein god porsjon dugnad bak fjelltrimmen. Vi er glade for at så mange trimmarar frå heile Gloppen er innom turmåla våre. Sjølv om du må vere frå Breim for å dukke opp i resultatlistene våre, så viser sjølvsagt alle andre igjen digitalt. Det er heller ikkje fritt for at også Breimningar prøver ut dei digitale postane i på hisida av tunnelane. Og kven veit, kanskje får vi i framtida til ei samla registrering i heile kommunen?

Flest noteringar over 15 år

 

Johannes Hole

2462 poeng

Rita Bente Hetle Fløtre

2338 poeng

Karsten Hopland

1545 poeng

 

Flest noteringar under 15 år

 

Jørgen Aa Sandal

208 poeng

Borgny Kristin Hetle

183 poeng

Regine Aa Sandal

136 poeng

 

 

Kongane/Dronningane 2019-2020

 

Antal turar

Snøfjellet/Grønskreda

Johannes Hole

137

Støyvastøylen

Karsten Hopland

45

Tistamskaret

Johannes Hole

82

Flølostøylen

Johannes Hole

186

Blånibba

Jannike Felde

14

Fløtravarden

Johannes Hole

176

Eggenipa

Rita Bente Hetle Fløtre

22

Melkebakksteinen

Rita Bente Hetle Fløtre

180

Skitnevatnet

Leidulf Myklebust

9

Skavegga

Karsten Hopland

41

 

 

Dei som har gjennomført alle postane i tre år får bronseplakaten, dei som har gjort det seks gongar får sølvplakaten. Gull får ein ved 10 gongar.

3 år – bronse

Laila Jordanger, Grete Nedreberg, Eiril Paulen

6 år – sølv

Anders Paulen, Sissel E. Reed

10 år – gull

Jannike Felde

 

Gått alle postane 2019 – 2020    (33 stk.)

 

Johannes Hole

Reidun Ask Flølo

Rita Bente Hetle Fløtre

Jørgen Aa Sandal

Johnny Skinlo

Kari-Ann Flølo

Jannike Felde

Borgny Kristin Hetle

Stian Førde

Jenny Flølo

Birgitte Paulen

Elin Merete Stensaker

Bjarne Egge

Grete Nedreberg

Gudmund Egge

Vegard Hetle

Elllisiv Hetle

Anders Paulen

 

Eiril Paulen

Oddny Kleppenes

Marthe Paulen

Kjell Paulen

Leif Øystein Felde

Grete Aa Sandal

Sissel Eide Reed

Monrad Kleppe

Kasper Stensaker

Knut Sande

Kasper Olai Paulen

Erlend Hetle

Gro Larsen Hjelle

Per Inge Seime

Laila Jordanger

Flest poeng samanlagt

Johannes Hole

2462

Rita Bente H. Fløtre

2338

Karsten Hopland

1545

Johnny Skinlo

1316

Jannike Felde

1082

Norunn Nybø

855

Stian Førde

712

Birgitte Paulen

630

Arvid Jordanger

575

Synnøve Førde

486

Bjarne Egge

484

Gerd Larsen

460

Gudmund Egge

456

Erlend Flølo

453

Ellisiv Hetle

419

Oddny Kleppenes

419

Leidulf Myklebust

329

Kjell Paulen

318

Grete Aa Sandal

313

Sabine Exner

252

Monrad Kleppe

235

Reidun Ask Flølo

217

Jørgen Aa Sandal

208

Kari-Ann Flølo

201

Norbjørg Seime Bø

201

Jostein Moldestad

197

Anne Svangtun

190

Sissel Fonn Sårheim

183

Borgny Kristin Hetle

183

Solveig Lunde

183

Jenny Flølo

180

Synnøve Hetle Aspheim

161

Elin Merete Stensaker

159

Rakel Merkesdal

150

Grete Nedreberg

137

Eva Marie Felde

137

Marit Johanne Moldestad

137

Regine Aa Sandal

136

Liv Berge

135

Vegard Hetle

129

Anders Paulen

119

Marthe Paulen

118

Kjetil Løkke Vie

117

Rannveig Fugle

113

Sigrid Skurtveit

110

Leif Øystein Felde

109

Sissel Eide Reed

109

Kasper Stensaker

108

Eiril Paulen

105

Knut Fammestad

99

Tom Kvile

98

Knut Sande

97

Jon Eivind Nygård

97

Solfrid Paulen Egge

97

Kasper olai Paulen

93

Morten Fløtre

93

Ingvild Reed

89

Helene Gåsemyr

85

Milla Hole

84

Erlend Hetle

83

Gro L Hjelle

82

Turid Nerhus

79

Nils Kåre Fossheim

77

Petter M. Kristoffersen

74

Viviann S. Flåtre

72

Elin Kobberstad Solheim

72

Astrid Gåsemyr

71

Lene Hjelle

71

Aslak Felde Sårheim

70

Sigrid Bergheim Holvik

70

Luka Hole

69

Linda F. Kandal

69

Roger Hjelle

69

Bente K Skinlo

69

Ingrid Langeseth Bø

69

Lin Therese Solheim

68

Målfrid Solheim

66

Kari Jordanger

63

Laila Jordanger

62

Sissel Myklebust

61

Kåre Hetle

60

Jan Erik Fløtre

58

Kai Petter Sårheim

58

Per Inge Seime

57

Ellen Skipenes

57

Birger Støyva

56

Olava Felde Sårheim

56

Olav Oddvin Egge

56

Anette Støyva

54

Else Helle Bolstad

53