NY SIGER TIL HERRANE MOT VIKANE

By | 19. mai 2015

Breimsbygda sitt herrelag møtte Vikane på Vikane stadion tysdag 19. mai. Kampen var jamnspelt, men Breimsbygda var mest effektive framfor mål. Kjetil Løkke Vie fekk inn eit mål tidleg i første omgang og det var resultatet til pause. Rett etter pause tok Raymond Niiranen godt vare på eit dårleg utspel og sette inn det andre målet. Vikane hadde ballen mest etter at dei laga 1-2 litt ut i 2. omgong, men dei møtte eit taktisk godt Breimsbygda som heldt leiinga ut kampen.

Breimsbygda hadde fleire av sine spelara ute på grunn av eksamensførebuingar, men den «eldre garde» stilte på og skaffa herrelaget ein ny siger for sesongen. Ein god lagsiger!