Herrelaget spelte 3-3 i årets siste heimekamp i 6. divisjon. Etter ein god første omgang heldt vi bra følgje med Stadlandet og leia 2-1 etter 2 mål av Kjetil Løkke Vie.
Etter pause blei vi til tider overkøyrde og kom oss knapt over midtbana siste halvtimen. Stadlandet var eit robust og spelande lag som hadde full kontroll over banespelet. Heldigvis for oss hadde dei problem med avslutningane sine og gjekk til slutt i lÃ¥s nÃ¥r dei skulle skyte mot mÃ¥l. Dei misbrukte blant anna 2 straffespark, to Ã¥leine med keeper og ein gong 2 Ã¥leine med keeper. Nils Bjarte Førde scora vÃ¥rt mÃ¥l pÃ¥ eit av dei tre angrepa vi hadde i andre omgang. Vi blei etterkvart reduserte til 9 mann dÃ¥ bÃ¥de Stian Hjelle i mÃ¥l og Odd Stian Reed fekk marsjordre. Siste kvarteret var det berre snakk om Ã¥ fÃ¥ ballen «ut av farleg sone» som det heiter i ishockey. Det blei naturlegvis jubel og god stemning blant vÃ¥re spelarar nÃ¥r dagens meget gode dommar Rolf Erling Lefdal bles av kampen til uavgjort 3-3.
Best på vårt lag var Kjetil Løkke Vie som herja med Stadlandet sitt forsvar dei få gongane han fekk ballen og scora 2 mål. Kjetil har no 15 mål på 15 kampar.
Med ein kamp igjen kan vi «pÃ¥ lag»Â konkludere med at vi blir det nest beste laget i Gloppen bak Sandane i 4. divisjon. Vi møter serievinnar Haugen borte i siste kamp og tapar sannsynlegvis den. Hyen ligg 2 poeng bak oss og fÃ¥r besøk av Flatraket/Selje 2 i siste kamp. Flatraket/Selje 2 har kun tapt mot Haugen i haustsesongen og skal «normalt» sett vinne i Hyen. Sandane 2 tapte i kveld 5-2 borte mot Vikane/Loen og enda sist i divisjonen dÃ¥ dette var STIL 2 sin siste kamp.
Tabell 6. divisjon avdeling 2
Haugen             15   10 4 1   62 – 35   34
Svelgen             14    9 1 4   49 – 25   28
Flatraket /Selje 2 Â Â Â Â 14 Â Â Â 8 2 4 Â Â 38 – 27 Â Â 26
Vikane /Loen        15   5 5 5   36 – 32   20
Stadlandet           15   5 5 5   34 – 33   20
Breimsbygda         15   5 2 8   27 – 44    17
Hyen                15   4 3 8   29 – 42    15
Oppstryn            13   3 4 6   28 – 34    13
Sandane 2 Â Â Â Â Â Â Â Â Â Â 16 Â Â 4 0 12 Â 32 – 63 Â Â Â 12
Kampfakta finn du her:
http://www.fotball.no/fotballdata/Kampfakta/?matchId=6186558
Knut Ove Henden sine bilete frå kampen finn du her:
https://www.facebook.com/media/set/?set=a.1005177106201400.1073741993.231763886876063&type=3
