Uavgjort mot Hyen. Siger mot Stadlandet/Ã…heim

By | 5. mai 2016

Herrelaget har no spelt tre seriekampar. I andre kampen blei det uavgjort 2 – 2 borte mot Hyen i ein kamp der vi hadde flust med sjansar og burde vunne enkelt. Som i første kampen rota vi ein del pÃ¥ slutten og mÃ¥tte nøye oss med uavgjort. MÃ¥la blei laga av Kjetil Løkke Vie og Tormund Ã…rdal.

I tredje kampen møtte vi Stadlandet/Ã…heim pÃ¥ heimebane og vann 5-0. Dette var ein jamn kamp i første omgang der Stadlandet hadde fleire store sjansar og vi var heldig som leia 1-0 til pause takka vere storspel i mÃ¥l av Gregor Filipek. I andre omgang knekte vi «koden» pÃ¥ Stadlandet sin 2-4-4 formasjon og kom Ã¥leine med keeper gang pÃ¥ gang. Til slutt blei det 5 scoringar. 4 av Kjetil Løkke Vie og siste av Ole Kleveland Førde. Meir om kampane pÃ¥ søndag etter miniputturneringa..
Knut Ove Henden sine bilete frå kampen finn du her.