![](https://old.breimsbygda.no/wp-content/uploads/sites/2/2015/05/Herrelaget-etter-siger-mot-Sandane-2-lite.jpg)
Herrelaget spelte 3-3 i årets siste heimekamp i 6. divisjon. Etter ein god første omgang heldt vi bra følgje med Stadlandet og leia 2-1 etter 2 mål av Kjetil Løkke Vie.
Etter pause blei vi til tider overkøyrde og kom oss knapt over midtbana siste halvtimen. Stadlandet var eit robust og spelande lag som hadde full kontroll over banespelet. Heldigvis for oss hadde dei problem med avslutningane sine og gjekk til slutt i lås når dei skulle skyte mot mål. Dei misbrukte blant anna 2 straffespark, to åleine med keeper og ein gong 2 åleine med keeper. Nils Bjarte Førde scora vårt mål på eit av dei tre angrepa vi hadde i andre omgang. Vi blei etterkvart reduserte til 9 mann då både Stian Hjelle i mål og Odd Stian Reed fekk marsjordre. Siste kvarteret var det berre snakk om å få ballen «ut av farleg sone» som det heiter i ishockey. Det blei naturlegvis jubel og god stemning blant våre spelarar når dagens meget gode dommar Rolf Erling Lefdal bles av kampen til uavgjort 3-3.
Best på vårt lag var Kjetil Løkke Vie som herja med Stadlandet sitt forsvar dei få gongane han fekk ballen og scora 2 mål. Kjetil har no 15 mål på 15 kampar.
Med ein kamp igjen kan vi «på lag» konkludere med at vi blir det nest beste laget i Gloppen bak Sandane i 4. divisjon. Vi møter serievinnar Haugen borte i siste kamp og tapar sannsynlegvis den. Hyen ligg 2 poeng bak oss og får besøk av Flatraket/Selje 2 i siste kamp. Flatraket/Selje 2 har kun tapt mot Haugen i haustsesongen og skal «normalt» sett vinne i Hyen. Sandane 2 tapte i kveld 5-2 borte mot Vikane/Loen og enda sist i divisjonen då dette var STIL 2 sin siste kamp.
Tabell 6. divisjon avdeling 2
Haugen 15 10 4 1 62 – 35 34
Svelgen 14 9 1 4 49 – 25 28
Flatraket /Selje 2 14 8 2 4 38 – 27 26
Vikane /Loen 15 5 5 5 36 – 32 20
Stadlandet 15 5 5 5 34 – 33 20
Breimsbygda 15 5 2 8 27 – 44 17
Hyen 15 4 3 8 29 – 42 15
Oppstryn 13 3 4 6 28 – 34 13
Sandane 2 16 4 0 12 32 – 63 12
Kampfakta finn du her:
http://www.fotball.no/fotballdata/Kampfakta/?matchId=6186558
Knut Ove Henden sine bilete frå kampen finn du her:
https://www.facebook.com/media/set/?set=a.1005177106201400.1073741993.231763886876063&type=3