Hetle Auto, Helkja Støylen opp fredag 29. mai

Fredag 29 mai arrangerer friidrettsgruppa og orienteringsgruppa Hetle auto, Helkja støylen opp med start kl 18.00. Meld dåkke på til anne. svangtun@sfe.no innan torsdag kl 20.00. Start frå ballbingen og frå brua. Startkontigent: 50 kr for enkelt start, 200 kr for ein familie. Møt opp- dette blir kjekt !

DAMELAGET MED UAVGJORT I SOGN

Damelaget til Breimsbygda/ Sandane spelte uavgjort 1-1 borte mot Kaupanger 2 i kveld. Heimelaget leia til pause, men Julie Helle Felde utlikna til 1-1 i andre omgang. Resultata så langt i serien: Breimsbygda/Sandane – Sogndal 0-2 Høyang – Breimsbygda/ Sandane 4-4 Breimsbygda/ Sandane – Balestrand 1-0 Meir informasjon om 3. div damer finn du her: http://www.fotball.no/fotballdata/Turnering/Terminliste/?tournamentId=144497

DET ER MINIPUTT-TRENING 25.MAI

Miniputt-treninga går som vanleg måndag 25. mai kl 1745-1900. Nokre spelara og trenara er kanskje vekkreist denne pinsehelga, men alle som møter skal få ei god trening også denne måndagen!

HERREKAMP MELLOM BREIMSBYGDA OG STIL

Det er ikkje ofte at herrelaga til Breimsbygda og Sandane møtast til kamp, men no på tysdag 26. mai kl 1900 på Reed stadion vert det nabooppgjer. Sandane stiller i år med to lag, eit i 4. divisjon og eit lag i 6. divisjon. Kampfakta: Breimsbygda – STIL 2 Reed stadion 26. mai kl 1900.

NY SIGER TIL HERRANE MOT VIKANE

Breimsbygda sitt herrelag møtte Vikane på Vikane stadion tysdag 19. mai. Kampen var jamnspelt, men Breimsbygda var mest effektive framfor mål. Kjetil Løkke Vie fekk inn eit mål tidleg i første omgang og det var resultatet til pause. Rett etter pause tok Raymond Niiranen godt vare på eit dårleg utspel og sette inn det andre målet. Vikane hadde… Les meir »

VIS POLITIATTEST!

På lagleiar- og trenarmøte vart det fyllt ut og sendt inn søknadar om politiattest. Dei fleste skal no ha motteke attestane. Attestane må visast for Arve Kleppe eller Roger Hjelle. Så ikkje la attesten ligge, men vis den til ein av kontaktpersonane snarast råd!

FLOTT MINUPUTTDAG PÅ BYRKJELO STADION

Miniputtane hadde ein flott dag på Byrkjelo søndag 10. mai! Breimsbygda fotball arrangerte årets første kongleriketurnering og som vanleg var det eit yrande liv med små og litt større forballspelara. Dei minste var sjølvsagt spente og litt nervøse, men det påverka ikkje innsatsen noko som vi kunne sjå. Tilbakemeldingane tyder på at barn og vaksne hadde ein kald,… Les meir »