Fredag feirer vi Halloween på IDK!

Fredag 3.november vert det HalloVenn på IDK. Det blir skummelt god stemning, premiering av kostymer og div konkurransar. Vi oppfordrer alle til å kle seg ut og i kiosken finn du ekstra creepy snacks… Tør du komme..?!

IDK fredag 27.oktober

Fredag 27.oktober er det elevkveld på Gloppen ungdomsskule. Andre/eldste gruppa på Idrettsklubben (IDK) går difor ut og vi lar 7.klasse vere med på første gruppa. Vi minner om at det er reglane på første gruppa som gjeld for alle. Velkomen på IDK!

Innkomne saker til årsmøte

Har du saker du ynskjer at skal bli tatt opp på årsmøte i Breimsbygda idrettslag? Innkomne saker må vere leiar i hende innan 21.februar. Du sender dei til Olav S. Egge på e-post: olav@breim.no  

Årsmøte i Breimsbygda idrettslag

Det vert årsmøte i Breimsbygda idrettslag søndag 5.mars kl.20.00. Dei som er på val og ikkje tar attval må melde frå skriftleg via sms til leiar i valkomité Elin Solheim på tlf 48260974. Meir informasjon og sakliste kjem.

Nøstetrim startar 11.januar

Nøstetrim startar opp onsdag 11.januar i gymsalen på Breim Skule kl.17-18. Det blir altså ikkje trim for dei yngste onsdag 4.januar. Håper alle små (og foreldre) er klar til ny giv i veke 2.

Juleavslutning på Idrettsklubben

I morgon 16.desember er det juleavslutning på Idrettsklubben. Det er vanlige tidspunkt på begge gruppene, altså kl.18-20 for første gruppa og kl.20-23 for andre. Men vi har ekstra mykje godt i kiosken, der du i tillegg til det vanlige får kjøpt pizza, brus og popcorn!  Vel møtt!