Category Archives: Fotball

NY SIGER TIL HERRANE MOT VIKANE

Breimsbygda sitt herrelag møtte Vikane på Vikane stadion tysdag 19. mai. Kampen var jamnspelt, men Breimsbygda var mest effektive framfor mål. Kjetil Løkke Vie fekk inn eit mål tidleg i første omgang og det var resultatet til pause. Rett etter pause tok Raymond Niiranen godt vare på eit dårleg utspel og sette inn det andre målet. Vikane hadde… Les meir »

VIS POLITIATTEST!

På lagleiar- og trenarmøte vart det fyllt ut og sendt inn søknadar om politiattest. Dei fleste skal no ha motteke attestane. Attestane må visast for Arve Kleppe eller Roger Hjelle. Så ikkje la attesten ligge, men vis den til ein av kontaktpersonane snarast råd!

Siger til herrane

Herrelaget vann i kveld 4-2 over Flatraket/Selje 2 heime på Reed. Til pause var det 2-0 og halvegs i andre omgang var det 4-0. Siste kvarteret reduserte bortelaget to gongar. Kjetil Løkke Vie (2), Andreas Kissner og Raymond Niiranen scora våre mål. Kampen var ganske jamnspelt, men Kjetil Løkke Vie og co. var best i motstandar sin 16-meter.… Les meir »

Turneringsoppsett miniputt

Oppsettet for årets miniputturnering på Byrkjelo er no klart. Turneringa startar klokka 11.00. Puljeinndeling og kampoppsett ligg her: Puljeoppsett Miniputt Byrkjelo 10.05 2015

Ny klubbgensar på plass

Den nye klubbgensaren er no på plass på G-Sport Henden på Sandane. Denne modellen blir klubbgensaren dei komande åra. Prisen med rabatt er 359,- for både born og vaksne.

Damelaget slo Balestrand

Etter tap og uavgjort vart det endeleg siger til damene. På heimebane mot Balestrand vart det ei scoring, og det var nok til siger. Silje Iren Hole Hervik laga målet som kom omlag 10 minutt ut i andre omgang. Bileta til Knut Ove Henden frå kampen finn du her.

Stortap for herrelaget

Herrelaget starta sesongen borte mot Svelgen på tysdag. Etter 0-0 til pause blei det til slutt braktap 9-1. Superenkel forskning viser at det er samanheng mellom lavt eller fråverande treningsoppmøte for halve laget, og 9 baklengsmål i andre omgang. Kjetil Løkke Vie scora for Breimsbygda.

MINIPUTT-TURNERING 10. MAI BYRKJELO

Breimsbygda arrangerar årets første turnering for miniputtane. Her er invitasjon til turneringa på Byrkjelo 10. mai. Invitasjon miniputt turnering   INVITASJON TIL KONGLERIKET MINIPUTT-TURNERING PÅ BYRKJELO 10. MAI Breimsbygda fotball ønskjer alle miniputt-lag i Hyen, Brodd, Sandane, Vikane og Jølster velkommen til Kongleriket Miniputt-turnering på Byrkjelo, 10. mai. Turneringsstart vil vere kl. 1100 Det er muleg å melde… Les meir »

Smågutelaget slo Sandane

Smågutelaget 13/14 9ar fekk ein god start på sesongen då dei slo Sandane på bortebane. Det var ein jamn kamp som enda 1-2. Bilete frå kampen kan du sjå på Knut Ove Henden si bildeside på facebook. Det er for øvrig første gong at Breimsbygda stiller med 2 lag i småguteklassa. Det andre laget spelar i serien for… Les meir »